Fleire kvinner og barn tek den farefulle ferda over Middelhavet

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire kvinner og barn flyktar

– Dei som kjem har mista alt. Når dei kjem til Noreg får dei ein ny start og håp for framtida. Men me bryt ned initiativet og energien deira, månad for månad, år for år, på mottaka.

Det sa seniorrådgjevar i Flyktninghjelpen, Pål Nesse, då han torsdag førre veke deltok på debatt om tilhøva ved norske asylmottak.

Debatten var ein del av programmet under seminaret «Seeking sanctuary»  arrangert av Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO).

LES OGSÅ: Noreg fjerde best på integrering

Desentralisert og samfunnsnært
Sivilarkitekt og professor Eli Støa har forska på kvaliteten ved norske asylmottak, og kunne fortelje at desentraliserte mottak ser ut til å vere ein suksess.

Desentraliserte mottak betyr at asylsøkjarane bur i mindre hus spreidd rundt om i eit område, framfor å bu på enkeltrom i eitt stort asylmottak.

Nesse meiner utan tvil at desentraliserte mottak er vegen å gå, slik at flyktningane får delta i det norske dagleglivet så fort som mogleg.

Han meiner ein i større grad kunne brukt insentiv for å få private til å leige ut.

– I Libanon har ein til dømes ordningar der ein gjev huseigarar pengar til å fikse ei dør, eit vindauge eller eit ekstra rom, mot at dei leigar ut til ein flyktning, forklarar Nesse.

LES OGSÅ: Slik kan du bidra til betre integrering

Kritisk til innstramminga
I fjor kom det 31.145 asylsøkjarar til Noreg. Tal frå UDI viser at tre av fire var menn.

Nokre av desse var einslege yngre asylsøkjarar og andre ektemenn med familiar.

Nesse er kritisk til at regjeringa no vil gjere det vanskelegare for asylsøkjarar med opphaldsløyve å få familien til Noreg.

– For å ikkje ta inn fleire, gjer me det vanskelegare å få familien hit. I tillegg er det kostbart med store hus til ein heil familie. Dette gjer at fleire kvinner og barn no tek den farefulle ferda over Middelhavet. Det er ikkje nokre andre samanhengar der me seier at barna ikkje skal vere med foreldra, seier Nesse, som meiner dette er dårleg politikk og lite humant.  

Ifølgje The Financial Times utgjorde menn 73 prosent av flyktningane som kom til Europa i juni i fjor, men i byrjinga av 2016 var berre 45 prosent av flyktningane menn.

Tala frå FNs flyktningkommisjon, som er referert 20. januar, viser at 21 prosent av flyktningane som kom til Europa i byrjinga av 2016 var kvinner, medan heile 34 prosent var barn. 

LES OGSÅ: «Det er medmenneske som druknar»

 
Debatten hadde eitt breitt panel med mellom anna representantar frå mottakssenterkjeden Hero, UDI, Flyktninghjelpen og Norske arkitekters landsforening.

Uroa for ventetida
– Framfor å kalla dei flyktningar, bør me kalla dei menneskjer og sjå på korleis me kan integrera dei i samfunnet. Me må ikkje berre sjå problemet, men potensialet dei faktisk har, seier fagsjef i Norske arkitekters landsforbund (NAL), Tor Inge Hjemdal.

Han peikar på at det er viktig for dei som kjem til Noreg å ikkje berre bu, men òg leve.

Fleire i panelet er uroa over den lange ventetida ved norske asylmottak.

Asylsøkjarane manglar gjerne meiningsfulle aktivitetar å ta seg til på asylmottaka, noko som kan gjere ventetida enno lenger.

– Dette er folk som har reist ein lang og farleg veg. Dei er ikkje passive. Dei vil jobbe og gjere noko meiningsfullt, ikkje gå på sightseeing i Oslo og sjå lokalbefolkninga, seier Synne Bergby i Flyktninghjelpen frå salen.

– Utfordrar heile institusjonen med asylsøkjarar
EU-kommisjonen reknar med at det vil kome tre millionar flyktningar til unionen innan utgangen av 2017. Kring 700.000 har allereie kome.

Eit fåtal av desse kjem til Noreg. UDI reknar med å få inn 30.000 asylsøkjarar i 2016, men bur seg på det dobbelte.

– Ein betydeleg del av desse kjem frå Syria, og kan rekna med å få bli, i alle fall ei stund. Mange kjem frå andre land som ikkje har rett på opphald og vil bli avvist. Denne situasjonen er ikkje berekraftig og utfordrar heile institusjonen med asylsøkjarar, seier Berntsen.

Berntsen forklarar at UDI sin strategi er at asylsøkjarane skal ha eit kortast mogleg opphald på asylmottak.

Han peikar på at ikkje alle asylsøkjarar skal integrerast i det norske samfunnet, då nokre skal returnerast.

LES OGSÅ: Forskar: – God integrering er å akseptere mangfald

Etterlyser kritisk integreringsdebatt
Støa meiner integrering bør skje frå dag éin på asylmottaka, der folk kan risikere å verte sitjande i lang tid.

Ho etterlyser òg eit betre system og reiskapar for å takla eit kulturelt mangfald i Noreg.

– Eg ynskjer meg ein meir open og kritisk debatt. Alle er einige i at det er viktig, men politikarane verkar å forstå integrering som assimilering, altså at dei nyankomne skal verte identiske med oss, seier Støa.