Fleire kan bli alvorleg sjuke av importert mat

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire kan bli alvorleg sjuke

– Faren for å bli smitta gjennom mat er aukande fordi auka internasjonal handel gjer at vi også importerer fleire farlege bakteriar, forklarer Per Einar Granum, som er professor i mattryggleik ved Norges miljø- og biovitskaplege universitet til NRK.

Nordmenn er også blitt meir kontinentale i matvanane sine, og et derfor oftare på utestader enn før, der risikoen for å bli matforgifta er høgare enn heime på kjøkenet.

Det er faktisk frukt og grønt vi blir mest sjuke av.

– Det viser seg at veldig mange av dei store utbrota av matforgifting vi har hatt dei siste åra er knytt til frukt og grønt. Kjøt et vi stort sett varmebehandla, og då skal ein gjere ein del feil for at ein skal bli sjuk av det, påpeiker Granum.

Grøne overraskingar
Professoren seier det har komme fleire ubehagelege, grøne overraskingar dei siste åra. Han trekkjer fram importerte sukkererter som døme.

I 2009 vart fleire nordmenn matforgifta av shigella-bakterien då dei åt slike erter frå Kenya rå. Seinast i år fekk i underkant av 30 nordmenn smittsam leverbetennelse, hepatitt A, truleg etter at dei åt importerte frosne bær.

– Vi trudde at frukt og grønt var trygt ganske lenge, og fekk jo ei veldig overrasking då salat frå Spania førte til det første store utbrotet frå importert grønt i 1994.

Bakteriane som gjer oss sjuke kan ofte komme av at grønsakene og frukta er blitt vatna med vatn som inneheld kloakk, eller at dei som plukkar og handterer matvarene har dårleg hygiene.

– Vi kjem til å bli meir matforgifta. Det har komme ein del overraskingar, også i andre land, der ein har funne ein del bakteriar som dei ikkje forventa seg i det heile tatt på overflata av frukt og grønsaker, utdjupar professoren i mattryggleik. (©NPK)