Fleire innlagt når sjukehuset er nært

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nært sjukehus – fleire innlagt

Professor Lars-Erik Borge ved NTNU har på oppdrag av KS analysert bruken av sjukehustenester i kommunane, skriv Bergens Tidende.

LES OGSÅ: Farlegare å bu i distrikta

Dyrt for kommunane
Ikkje overraskande har han kome fram til at fleire blir innlagt på sjukehus dersom det ligg nært heimstaden, dersom det har god kapasitet og dersom køane er korte.

Dette kan bli dyrt for kommunane som etter samhandlingsreforma må betale for delar av sjukehusopphalda.

LES OGSÅ: Står åleine om resepten sin for Helse-Noreg

50 kilometer sparar 50 kroner
Rapporten viser at når avstanden til sjukehuset aukar med 50 kilometer, krympar sjukehusrekninga til kommunen med 50 kroner per innbyggjar.

Både Bergen og fleire kommunar i Sunnhordland brukar meir pengar på sjukehusinnleggingar enn dei får i kompensasjon frå staten. I Eidfjord er meirforbruket 686 kroner per innbyggjar.