Fleire går ut av grunnskulen med dårleg mattekarakter

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mange er dårlege i matte

I fjor var delen 38 prosent, skriv Dagsavisen etter at statistikken over eksamensresultata er offentleggjort. Også gjennomsnittskarakteren gjekk ned.

– Dette er ei utvikling som har vart over tid. Vi har no mykje informasjon som viser at det ikkje går rette vegen for mattekunnskapane til norske elevar, seier statssekretær Birgitte Jordahl (H) i Kunnskapsdepartementet.

LES OGSÅ: Nesten ingen klarar denne oppgåva

Ho trur det er fleire årsaker til at norske elevar ikkje er like gode som elevane i land vi kan samanlikne oss med.

– Noko av grunnen er for dårleg matteundervisning og for dårlege fagplanar. Eg er også usikker på om høgskulesystemet er godt nok til å undervise i didaktikk og undervisningsmetode i lærarutdanninga, seier Jordahl.

På vidaregåande er det åtte ulike mattefag elevane kan komme opp i, noko som gjer det vanskelegare å samanlikne. I sju av faga er snittet uendra eller lågare enn i fjor, og delen som får strykkarakteren 1, aukar. (©NPK)

LES OGSÅ: Lærarstudentar må ha minst 4 i matte