≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Natur og ungdom, Forsking

Fiskeøgle oppkalla etter Natur og Ungdom

Ein 144 millionar år gamal fiskeøgleart er oppdaga på Svalbard. Den nye arten har fått namnet Keilhauia nui.

NPK-NTB
torsdag 26. januar 2017 10.51

Fiskeøgle oppkalla etter Natur og Ungdom Slik trur ein at den fire meter lange havlevande jegeren Keilhauia nui kan ha sett ut. Illustrasjon: Esther van Hulsen.

Forskarar frå Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo har omtalt den nyoppdaga arten i ein vitskapleg artikkel i tidsskriftet Plos One.

– Fiskeøgla er frå den aller tidlegaste delen av krittida og er den første marine øgla omtalt frå denne tidsperioden på Svalbard, seier doktorgradsstipendiat Lene Liebe Delsett, som er førsteforfattar av artikkelen.

Den mest komplette fiskeøglehofta
Nesten heile skjelettet er bevart slik det var då dyret levde, med unntak av størstedelen av hovudet. Internasjonalt er fiskeøgler frå denne tida svært dårleg kjent.

Artikkelen tar for seg utviklinga av hofta hos fiskeøgler, og samanliknar med utviklinga hos kvalar. Keilhauia nui har den mest komplette fiskeøglehofta frå tidsperioden krit kjent i verda.

Slektsnamnet Keilhauia er gitt etter Baltazar Mathias Keilhau (1797– 1858), den første norske geologen som gjorde feltarbeid i Arktis. Artsnamnet nui er kalla opp etter miljøvernorganisasjonen Natur og Ungdom, som feirar 50 år i 2017.

Forskarane skriv i grunngjevinga for namnevalet at Natur og Ungdom arbeider for å ta vare på det biologiske mangfaldet i Arktis.

Begeistra NU-leiar
Leiar i Natur og Ungdom, Ingrid Skjoldvær, synest det er ei æra å få ein heilt nyoppdaga fiskeøgleart oppkalla etter organisasjonen.

– Det er ein heilt fantastisk 50-årsgåve til den utrettelege miljøforkjemparen som Natur og Ungdom er, seier ho i ei pressemelding.

Møt Aubrey (27) som leitar etter svaneøgler på Svalbard og bloggar for National Geographic!


Ein ny, 144 millionar år gammal fiskeøgleart er oppdaga på Svalbard. Den har fått namnet Keilhauia nui og var ein havlevande jeger på omtrent fire meter. Frå venstre: Linn Novis, Bjørn Lund, Tommy Wensås. Foto: Spitsbergen Mesozoic Research Group


Oppdatert: torsdag 26. januar 2017 15.13
Kommentarar



 
ANNONSE: