Fire meter «Sabeltann»-heltar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Høge «Sabeltann»-heltar

Sahara-sola svir godt på himmelen over Ouarzazate, ein av innspelingsstadene for «Kaptein Sabeltann og skatten i Lama Rama» (noregspremiere 26. september). To sentrale medverkande har parkert dei lange kroppane sine i ein sval pausetrailer ved borga som i si tid vart bygd til Ridley Scotts «Kingdom of Heaven».

– Han fekk jobben fordi han er den einaste som er høgare enn meg, seier Kyrre Haugen Sydness (1.85) med eit nikk til Odd-Magnus Williamson (1.92).

«Odda» blir gjerne med på fleipen:

– Ja, det stod mellom Ryan Gosling og underteikna. Sidan han berre er 1.75, rauk han ut i andre runde.

LES OGSÅ: Manusmekkaren 

Tolkien-parallell
Sikkert er det at den nye «Sabeltann»-filmen er svære greier. Med snautt 50 millionar kroner i budsjett er «Lama Rama», basert på dei 25 år gamle figurane til Terje Formoe, den mest påkosta norske filmproduksjonen i sitt slag.

Det er han verdt, skal vi tru sjørøvarduoen NTB møter etter ei tøff og støvutsett økt på settet i Marokko.

– Sabeltann er alt ein suksess. Vår jobb er å ta han inn i spelefilmuniverset, seier Sydness, som gestaltar sjørøvarsjefen sjølv.

– Det blir omtrent som då dei filmatiserte «Ringenes Herre», hevdar Williamson, som tolkar kompisen Langemann.

– Dette er jo Noregs Tolkien, på ein måte. Veldig mange barn og ungdommar har vakse opp med og har eit mytisk forhold til sakene. No går vi inn og «maksar ut» alt, slik at det blir så bra som det kan bli.

LES OGSÅ:  Tolkien ville aldri sendt kvinner i krig 

 
Pia Tjelta er også med i den norske storfilmen som kjem i haust. Foto: Storm Films/Lars A. Hellebust

Sterke krefter
John Andreas Andersen («Uno») og Lisa Marie Gamlem («Mormor og de åtte ungane») har ansvaret for regien. Skodespelarensemblet består av Jon Øigarden, Pia Tjelta, Anders Baasmo Christiansen, Tuva Novotny, Fridtjov Såheim – og altså gutane som reknar seg fram til at dei tangerer fire meter med hatt, parykk og hælar.

– Kapteinen er ein fantastisk figur å spele. Han er kompromisslaus. Han er barnsleg. Det einaste han er redd for er spøkjelse, humrar Sydness.

Ifølgje Williamson er kompanjongen heller ikkje borte.

– Langemann er den høgre handa til Sabeltann, nestkommanderande og våpendragar. Og så er han ein luring – eg ser på han som ein «player» med ei dame i kvar hamn. Med alle sine språk er han fantastisk god til å sjarmere og flørte. Den einaste som set han ut og gjer han ukomfortabel, er Rosa (Tjelta).

Billettpengar
– Føler de press på grunn av økonomien i prosjektet?

Williamson grip ordet.

– Nei, absolutt ikkje, for pengane er først og fremst «billettpengar» som går til reise og opphald. Resten ligg i kvalifikasjonane til dei involverte som er på toppnivå i alle ledd. Dermed blir det også trygt for alle partar.

– I kor stor grad blandar Formoe seg inn i resultatet?

Sydness tek over:

– Terje er ånda som svevar over vennene, bokstaveleg talt. Sjølvsagt er dette viktig for han, sidan det er ein draum som blir oppfylt. Han er til stades, men lèt oss arbeide i fred.

– Kva har «Pirates of the Caribbean» betydd når det gjeld å førebu ei målgruppe?

– For å seie det slik: Terje Formoe skreiv historia i 1989, så dette går langt tilbake.

Sydness gliser breitt – og høgt.

– Dersom det er nokon som har brøytt veg for andre, er det vel Sabeltann.

Faktaboks

«Kaptein Sabeltann og skatten i Lama Rama»

• Norskprodusert eventyrfilm frå 2014

• Manus: Lars Gudmestad

• Regi: Lisa Marie Gamlem og John Andreas Andersen

• I rollene: Odd-Magnus Williamson, Pia Tjelta, Kyrre Haugen Sydness, Anders Baasmo Christiansen, Vinjar Pettersen, Robert Skjærstad, Sofie Bjerke, Jon Øigarden, Tuva Novotny, Nils Jørgen Kaalstad, m.fl.

• Kinopremiere: 26. september (©NPK)