Fint namn. Men kva så?

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kalvø: Fint namn. Kva så?

Gjennom mine kontaktar i komiteen (eg nemner ikkje namn, men det er ein gråhåra fyr frå Nord-Norge som skal pensjonere seg snart), har eg fått tak i manuset til talen Malala skreiv på hotellrommet sitt i Oslo, og som ho hadde tenkt å halde:

 

Kjære alle saman.

Kva er eigentlig vitsen?

Lenge trudde eg at det var fordi eg kjempar for viktige ting. Lenge trudde eg at kampen for at alle  skal få gå på skulen, var ein verdig kamp. Lenge trudde eg at det var derfor eg fekk denne prisen.

Men det var før eg visste kven som satt i Nobelkomiteen.

Lenge trudde eg at Nobels fredspris var ein pris som blir delt ut av folk som veit kva dei driv med, til folk som fortener det. Eg var glad fordi eg trudde at denne prisen kunne gi meir merksemd til dei 66 millionar jentene som ikkje får gå på skule i verden.

Alt dette trudde eg.

Men det var før eg visste at nokon på twitter vitsa om engelskuttalen til komiteleiaren. Og eg har forstått no at det ikkje er første gong det har skjedd.

Sannsynligvis er det berre flaks at eg har fått denne prisen. Kanskje er det ein feil. Kanskje er det berre fordi fornamnet mitt er enkelt åuttale for folk som ikkje snakkar utanlandsk, og eg er så pass ung at ein slepp å bruke etternamnet mitt.

Eg kjenner meg lurt. Lurt til ein norsk by i minusgrader når eg kunne ha vore heime, studert og jobba for det eg trur på.

Kva skal eg seie? Eg visste ikkje betre. Og då eg fekk vite det, var det allereie for seint. Eg hadde pakka, billettar og hotellrom var bestilt, avtalar var inngått. Med kongen, med norske barn, og med  andre folk som sikkert hadde gleda seg til å treffe meg. Eg kunne ikkje skuffe dei. Sjølv om det meste verka meiningslaust dåeg fekk høyre kva sekretæren i Nobelkomiteen hadde sagt.

Geir Lundestad, eller timing-kongen som vi kallar han der eg kjem frå, har alltid vore eit forbilde for meg. Derfor lytta eg til det han sa om medlemmene i komiteen.

Og eg fekk sjokk.

Det viser seg altså at komiteen er og har vore full av pensjonistar fråpolitikken. Ikkje alle er like flinke. Og ikkje alle er like gode i engelsk.

Det siste er spesielt alvorlig. Eg har alltid meint at Geir Lundestad er ein mann det bør lyttast til når det gjeld språkmektigheit. Han er trass alt det einaste mennesket i verden som er i stand til åsnakke alle norske dialektar samtidig.

Og ikkje nok med det. Han lille med briller og skjegg i Aftenposten, han som snakkar heile tida, han var einig i mykje av innhaldet i det Lundestad sa. Det sa han, ein av dei mange gongene han snakka denne veka.

Både han som snakkar heile tida og han som snakkar alle dialektar samtidig, altså.

Så kva er eigentlig vitsen då?

Og eg er også skuffa over mitt store forbilde Geir Lundestad. Har han stått der bak skiftande komiteleiarar, i alle desse åra, og visst at alt er feil, og ikkje gjort noko? Har han lurt oss?

Eg trudde kjemiske våpen og landminer var dumt. Eg trudde Liu Xiaobo jobba for noko bra. Eg trudde Nelson Mandela hadde noko for seg. Eg trudde Leger Uten Grenser var inne på noko. Eg trudde fredsmekling var ein god ide.

No er eg ikkje sikker på noko lenger.

Eg veit ikkje.

Kva er eigentlig vitsen?

Kanskje er eigentlig heile poenget med dette at pensjonerte politikarar har lyst til å gå på konsert med Gabrielle, men dei synest det er flautt å kjøpe billettar sjølve sidan dei er så gamle.

Sannelig om eg veit.

Ha ein framleis fin dag.

Eller whatever.

No gir eg ordet til han andre.


Først publisert i Aftenposten 13. desember.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!