Finsk ungdomsparti samanliknar svensk med tortur

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Samanliknar svensk med tortur

Nynorskbrukarar har lenge vore vane med hard retorikk frå dei som vil ha undervisninga i skriftleg sidemål ut av skulen. Unge Høgre har til dømes både brent nynorsk-ordbøker og samanlikna nynorskbrukarar med kyr.

Alt dette bleiknar likevel i samanlikning med verkemidla som no blir brukt av dei som kjempar mot den obligatoriske svenskundervisninga i Finland. Finsk Ungdom, ungdomsorganisasjonen til det høgrepopulistiske regjeringspartiet Sannfinländerna, delte i romjula ein video der dei samanliknar «tvangssvensken» med tortur.

LES OGSÅ: Sannfinnländarna vil fjerna svensken frå Finland

Svingar pisken
Finsk og svensk er jamstelte språk i Finland, sjølv om berre eit mindretal av folket brukar svensk. Tilsvarande vår sidemålsordning, må også finskspråklege elevar læra seg svensk i skulen og motsett.

Det synest ikkje Finsk Ungdom noko om. Videoen dei har delt på Facebook talar sitt tydelege språk: Ein ung mann kryp opp trappene til Helsingfors domkyrkje medan han blir piska av personar med masker av politikarar frå Svenska Folkpartiet (SFP). SFP er eit sosialliberalt parti som særleg kjempar for svensken si stilling i Finland.

«Bli med oss og bryt tvangssvensken», er bodskapen i videoen, som til no er sett over ein halv million gonger.

YLE melde om nyhendet seint i desember. SFP-leiar Anna-Maja Henriksson konstaterer ifølgje YLE at videoen består av hatretorikk retta mot svensken og den lutherske kyrkja. Henriksson er sjølv ein av politikarane som er framstilt i videoen.

LES OGSÅ: Svensk-talande ungdom vert truga og slått 

«Smaklaust»
Også Ida Schaumann, leiar i ungdomsorganisasjonen Svensk Ungdom, dukkar opp blant «torturistane» på kyrkjetrappa. Til YLE kallar ho videoen «smaklaus».

– Videoen kan ikkje på nokon måte sest som eit seriøst innlegg i den politiske debatten, seier Schaumann.

I sosiale medium svarar Svensk Ungdom med humor på åtaket frå Finsk Ungdom:

Les meir om språkstriden i nabolandet: Svensk opnar ingen dører, meiner stadig fleire finnar. Kan eit språk verte eit hinder for å snakke med folk?