Film om kampen for livet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Desse og andre spørsmål er tema i den premiereklare filmen «Kampen for livet», laga av det tsjetsjenske ekteparet Adam Waiman og Rumisa Karimova. Filmen blir vist under Kvinnherad Kulturfestival til helga, nærare bestemt laurdag ettermiddag i festsalen i Kulturhuset Husnes. Waiman kom som flyktning til Stavanger i 2010, og Karimova kom i 2013. I fjor flytta familien til Rosendal. Begge er for tida fulltidselevar hos Vaksenopplæringa på Husnes.

Ulikskap
Filmprosjektet er ein del av det noko større kommunale prosjektet «Bli her».

– Det kan vera tøft å koma til ein heilt ny kultur – utan den identiteten ein hadde frå før. Som ny i eit land er det ingen som kjenner oss, eller veit noko om kva vi gjorde før. Mangel på språkkunnskap gjer ikkje saka betre, forklarer ekteparet om ideen bak filmen.

I filmen er flyktningar frå mange ulike land presenterte og intervjua om korleis dei har det i det nye landet sitt.

– For oss er det viktig å få fram at kvar og ein har si unike historie, basert på høgst ulike kulturar, tradisjonar og religionar. Vi er på ingen måte like. Det vi har felles er ein ny heim i Norge og ønsket om eit betre liv. Ikkje meir enn det, seier Waiman.

Sjølve er dei muslimar, og håpar alle har forstått at dei sjølvsagt ikkje stiller seg bak terrorhandlinga i Paris og andre terrorhandlingar.

– Vi tek sterk avstand frå terror, mellom anna fordi vi har opplevd det på nært hald og mista slekt og vener i terrorhandlingar. Terror har ingenting med islam å gjera, berre med dei ekstremistane som driv med det.

Ressurspersonar
Det er eit problem at den utdanninga og erfaringa ein har opparbeidd seg i heimlandet ikkje er like mykje verd i Norge. Det same gjeld status og identitet.

– Eitt av måla med filmen er å fortelja at alle har ressursar og er flinke på kvar sine felt. Derfor ønskjer mange større utfordringar enn det ein får, meiner paret.

Filmskaparane høyrer til den ressurssterke delen av folket sitt. Ho var journalist og nyhendeanker for tsjetsjensk tv og han det som på norsk heiter statssekretær, altså sekretær for ein av statsrådane.

– Korleis har møte med Kvinnherad vore?

– Bra. Folk er stort sett blide, imøtekomande og tolerante. Men det tek ei stund å forstå kulturen og korleis nordmenn tenkjer. For å læra det, må ein vera blant folket. Noko vi lurte fælt på i starten var kor folket var om kveldane. Ute var det nesten ingen å sjå, slik vi er vane med. No veit vi at dei sit heime framfor tv-en, seier tv-journalisten med eit lunt smil.

– Vi kjenner oss trygge her, og vi kan sova om natta utan å vera redde for at noko hender oss. Det er det aller beste, legg Waiman til.

– Lengtar de tilbake til Tsjetsjenia?

– Vi saknar heimlandet vårt, men no blir vi verande her, seier Waiman.

Paret håpar at mange kjem for å sjå filmen på laurdag. Dei er sjølve regissørar, medan Karl Petter Vårdal har gjort jobben med montering.

– Han gjorde svært godt arbeid. Vi er godt fornøgde med resultatet.

Les saka i Kvinnheringen!