Ferrante-omsettar er årets «Storegut»

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ho er er årets «Storegut»

– Det Norske Samlaget og Kristin Sørsdal har ikkje berre slege fast at god litteratur kan bli populær litteratur, men òg vist at nynorsk ikkje er ei hindring for å nå fram til mange lesarar, heiter det i pressemeldinga frå storegutnemnda.

Kvart år deler Litteraturdagane i Vinje ut «Storegutprisen» til ein person, eit lag eller ei verksemd som på ein positiv måte nyttar eit levande og ledig nynorsk i det offentlege rommet.

Blant tidlegare vinnarar finn me mellom anna Are Kalvø, Liv Signe Navarsete og Odd Nordstoga, som no sit i storegutnemnda.

Nynorsk frå Napoli
I år går prisen til forfattar og omsettar Kristin Sørsdal, som oppdaga og omsette den såkalla Napoli-kvartetten for Samlaget.

Bøkene, som er skrivne av ein italiensk forfattar under pseudonymet Elena Ferrante, har skapt Ferrante-feber verda over. I Noreg har dei vorte ein stor suksess for Samlaget, som til no har seld over 300 000 bøker.

– Valet bør ikkje vera overraskande: det er tale om opphavet til at tusenvis av norske lesarar dei siste par åra er lyfte inn i hendingane, lagnadene, politikken og dramatikken i det mangslungne napolitanske samfunnet etter krigen, meisterleg skildra av (pseudonymet) Elena Ferrante og like meisterleg omsett frå italiensk til eit levande nynorsk av Kristin Sørsdal, heiter det i pressemeldinga.

Laurdag 26. august kjem Kristin Sørsdal til Edland for å ta i mot heideren i samband med festkvelden på litteraturdagane i Vinje.

«Storegutprisen» har namnet sitt etter ein sentral figur i Aasmund O. Vinjes dikting, og vinnaren får ein bronsestatuett laga av bilethoggaren Kjell Grette Christiansen.

Får du ikkje nok Ferrante? Les fleire saker her!