Feministisk initiativ har stifta nasjonalt parti

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Startar nytt nasjonalt parti

I helga møttest Feministisk Initiativ (FI) i Bergen og Oslo for aller første gong. Resultatet blei stiftinga av eit nasjonalt parti, som no siktar seg inn mot stortingsvalet i 2017.

– Dette er ei historisk hending for norsk politikk, som vil ha ringverknader også utanfor landets grenser, seier Cathrine Linn Kristiansen, talsperson for Feministisk Initiativ Oslo.

Lokallaga i Oslo og Bergen møttest på Geilo – midt mellom dei to byane. Der blei grunnlaget for Noregs første nasjonale feministiske og antirasistiske parti lagt. Det nystarta partiet skal kjempe for eit likestilt samfunn, fritt for diskriminering.

– Det har vore fantastisk spennande og lærerikt for oss å starte FI Oslo og Bergen. No skal vi samle feministar i heile Noreg. Meir enn nokon gong, ser vi at vi trengst, seier talsperson for FI Bergen, Sunniva Schultze-Florey.

FI stilte i år lister til lokalvala i Oslo og Bergen, og fekk høvesvis 0,4 og 0,5 prosentpoeng oppslutning. I tillegg hamna førstekandidatane i begge byane på topp-ti-listen for slengarar.

LES OGSÅ: Feministisk Initiativ stiller til val i Bergen og Oslo

Den første oppgåva til nasjonale FI er å samle 5.000 underskrifter innan årsskiftet for å bli registrert i partiregisteret.

– Saman skal vi lage ein rosa revolusjon, seier Schultze-Florey. (©NPK)