Felles kamp mot mobbing

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først ut med mobbeombod

– Me har nulltoleranse mot mobbing, og mobbeombodet vil ha ei viktig rolle for å sikre alle elevar høve til å lære i trygge og gode omgivnader, utan å bli utsett for mobbing og krenkjande handsaming, seier Hege Irene Fossum (KrF).

Eit einstemmig hovudutval for utdanningssektoren i Buskerud fylkeskommune vedtok fredag ettermiddag at det blir oppretta eit mobbeombud i Buskerud.

– Diverre finst det mobbing i dei vidaregåande skulane i Buskerud, trass i gode førebyggjande tiltak, held ho fram.

– Elevundersøkinga viser at det er lite mobbing i skulane, men me kan ikkje slå oss til ro med det, seier Fossum til buskerud.no.

LES OGSÅ:Like mange blir mobba

Jobbar aktivt mot mobbing
Buskerud fylkeskommunen har ansvaret for vidaregåande opplæring av ungdom og vaksne. Opplæringa i skule skjer ved 13 vidaregåande skular, eitt arbeidsinstitutt og ein folkehøgskole.

Hausten 2010 og hausten 2011 gjennomførde fylkeskommunen anti-mobbekonferansane ”Ikkje på min vakt” der ein samla elevar, lærarar, rådgjevarar og rektorar frå heile fylket med eit felles mål – forhindre mobbing.

Opplæringslova kapittel 9a og prinsipp for opplæringa slår fast at alle elevar i grunnskular, vidaregåande skular og skolefritidsordning (SFO) har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

LES OGSÅ:Vil ha mobbeombod

Til for elevar og lærlingar
Mobbeombodet som no blir oppretta er først og fremst til for elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring i Buskerud.

– Ombodet har som hovudmål å sikre at dei får ivaretatt rettane sine, og vil vere eleven sin og foreldra sine talerøyr og ein ressurs i den løpande innsatsen mot mobbing, seier Hege Irene Fossum.

Ho fortel at både ungdom og foreldre kan ta kontakt med mobbeombodet og få hjelp når saker ikkje løyser seg lokalt på den einskilde skulen.

– Mobbeombodet vil òg vere ein ressursperson for lærarar, skoleleiarar, instruktørar og andre som jobbar med ungdom.

LES OGSÅ:Barneombodet vil sparke rektorar

Råd og rettleiing
– Desse kan henvende seg til mobbeombodet og få råd og rettleiing når dei føler seg makteslause i korleis dei skal handtere mobbing i eigen organisasjon.

Ombodet skal både arbeide førebyggjande, bidra med kompetanse på området, følgje opp arbeidet til skulane med handlingsplanar mot mobbing og bidra i saker som ikkje lèt seg løyse lokalt.

– Me legg òg til grunn at mobbeombudet skal arbeide vidare med ein problematikk rundt mobbing av lærarar, avsluttar Hege Irene Fossum (KrF).

Faktaboks

MOBBING

• Trakasseringa er ondsinna og rammande.
• Pågår over tid.
• Det er ubalanse i styrkeforholdet, både fysisk og psykisk.
• Opplevinga av mobbing er subjektiv og definisjonsretten ligg hos han som føler seg utsett for mobbing.