Fekk sidemålsstøtte frå elevane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fekk sidemåls- støtte frå elevane

Torsdag besøkte stortingsrepresentant Torbjørn Røe Isaksen (H) Seljord, kommunen som i fjor blei kåra til årets nynorskkommune.

– Eg er for to skriftspråk, men eg meiner sidemål bør vere valfritt, også i ungdomsskulen, sa han til 10. klassingane i Seljord. Han fekk støtte i synspunktet frå elevane, men ikkje av Høgre-ordføraren i kommunen.

 Eit stort fleirtal av delegatane på landsmøtet i Høgre støtta sundag forslaget om at sidemål bør vere valfritt i ungdomsskulen. Partileiar Erna Solberg og nestleiar Jan Tore Sanner var blant mindretalet som meinte ein burde halde fram med obligatorisk sidemålsundervisning, men telemarkingen Torbjørn Røe Isaksen støtta forslaget om valfridom. Torsdag vitja han Seljord – årets nynorskkommune i 2010.

Ikkje angrep på nynorsk
Til VTB understrekar Røe Isaksen at han ikkje er ute etter nynorsken, men han meiner at dagens sidemålsundervisning ikkje er god nok.

– Nokon har kalla dette eit symbolslag mot nynorsken. Det er eg ueinig i. Dette er ikkje eit angrep på nynorsk. Jamstillingsvedtaket om to skriftspråk ligg fast. Spørsmålet er om dagens undervisning er ein god måte å fremje interesse for nynorsk, seier Røe Isaksen, som også fekk spørsmål frå 10. klasseelevane i synet på sidemål.

– Eg er for to skriftspråk, men eg meiner sidemål bør vere valfritt – også i ungdomsskulen. Eg trur ikkje sidemålsundervisninga gagnar nynorsken, men at ho heller kan øydeleggje for nynorsk som skriftsspråk, sa Røe Isaksen til elevane i 10B.

Må bli diskutert meir
Stortingsrepresentanten understrekar at vedtaket frå landsmøte må bli diskutert meir grundig. Han meiner det må liggje visse føresetnader til grunn. Røe Isaksen er klar på at det ikkje snakk om å fjerne nynorsk som han meiner skal vere ein obligatorisk del av norskfaget, og understrekar at det ikkje er snakk om å kunne velje bort til dømes nynorsk litteratur, språk- og kulturhistorie.

– Det er ikkje sidemålselevane som held nynorsk levande, seier Røe Isaksen.

Han håpar vedtaket – som var ein del av Høgres storresolusjon om kunnskap i skulen – kan føre til ein debatt om sidemålsundervisninga.

Dårleg vedtak
Torsdag var han på besøk hos Høgre-kollega Solveig Sundbø Abrahamsen i Seljord, som er ordførar i årets nynorskkommune 2010. Ho er lite imponert over fleirtalsvedtaket frå Oslo.

– Det var eit dårleg og lite gjennomtenkt vedtak, meiner Høgre-ordføraren i Seljord.

Sundbø Abrahamsen meiner standpunktet stiller mange spørsmål, og at det vil svekkje nynorsken som skriftsspråk.   Får støtte av elevane  I Seljord nærmar det seg at fleirtalet på ungdomsskulen har nynorsk som sidemål.

10. klassingane Harald Tufte, Oda Guleng, Sveinung Moen og Synne Rett støttar Torbjørn Røe Isaksen og fleirtalet frå Høgre-landsmøtet om at sidemål bør vere valfritt i ungdomsskulen. Dei meiner det er betre og meir motiverande å styrke dugleiken i hovudmålet.

– Absolutt. Det bør vere valfritt, seier Guleng, som er blant dei som har nynorsk som sidemål.  – Men nynorsk bør vere i språket, legg ho til. Dei sette pris på skuletimen med Røe Isaksen.

– Det var spennande, seier Oda Guleng.

– Bra at han ikkje var flau av å svare på «kleine» spørsmål, legg Harald Tufte til.

– Og så hadde han rå dress, legg Sveinung Moen til.

– Dreg ein damer som politikar?
Torbjørn Røe Isaksen møtte dei to 10. klassene i Seljord, og var innom ulike tema, som skule, demokrati, fattigdom og menneskerettar. Han fekk fleire spørsmål frå elevane, og variasjonen og kreativiteten var stor – frå innvandringsspørsmål til spørsmål som fekk både elevar, lærarar og stortingsrepresentanten sjølv til å humre.

– Dreg ein damer som politikar? ville ein av elevane vite.

– Eg vil vel heller seie at eg har fått kjærast trass i at eg er politikar, repliserte stortingspolitikaren.

– Men engasjement er tiltrekkande, er det ikkje? la han til.

– Støttar du alt Høgre står for, ville ein annan vite.

– Nei, kom det kjapt.

– Helst ville eg hatt eit Torbjørn Røe Isaksen-parti. Det er ting eg er ueinig i, men slik vil det alltid vere, sa stortingsrepresentanten, og trekte fram delar av skattepolitikken og delar av miljøpolitikken.

– Og dersom det ikkje blir løyvd meir pengar til vegar i Telemark er eg ueinig i det, sa han med eit smil.

Politikaren fortalde at han kom fram til at han var ein Høgre-mann etter å gått gjennom brosjyrar frå dei ulike partia.

Til VTB seier Røe Isaksen at det var eit trivleg møte med ungdomsskuleelevane. Han sett pris på innspela frå elevane.

– Ein får andre typar spørsmål i ei slik forsamling, men det er gode spørsmål og meir overordna, seier han.

Stortingsrepresentanten frå Porsgrunn var på rundtur i Seljord. Han besøkte it-bedrifta aspIT og Sweco, i tillegg til å vere med på medlemsmøtet i Seljord Høgre og møtet med ungdomsskuleelevar i Seljord.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!