Fekk pris for roman på «kebabnorsk»

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den særeigne debutromanen «Alle utlendinger har lukka gardiner» vart selt til Danmark allereie før den norske utgjevinga i januar i år.

No har forfattar Maria Navarro Skaranger vorte tildelt den første Debutantprisen, som vart delt ut under Debutantfestivalen i Oslo i helga.

Juryen meinte at «Alle utlendinger har lukka gardiner» skilte seg ut som eit originalt stykke skrivekunst.

«Gjennom romanens sterke tematisering av identitet, som skrivast fram i ein levande og presis multietnolektisk språkstil, viser Skaranger oss eit spesifikt og krystallklårt bilete som utvidar og forsterkar vår forståing av kva det norske samfunnet er,» heiter det vidare i grunngjevinga

Skaranger er sjølv oppvaksen på Romsås i Oslo. I debutromanen «Alle utlendinger har lukka gardiner» nyttar ho ei skriftleg form av det mange vil kalla «kebabnorsk», for å skildra oppvekst i den fleirkulturelle delen av Noregs hovudstad.

Romanen, som kom ut på Forlaget Oktoer fekk mykje merksemd i media og førsteopplaget vart utseld på få dagar.