Fekk ikkje sommarjobb – laga jobben sjølv

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta med velvilje frå Vigga.no

– Bestemor prata om at det hadde vore fint om det hadde vore ein kafé, og at det burde vere ungjenter som gjer det. Og vi er ungjenter som gjer det, seier Eline Kolstad (14). Ho er travelt opptatt med vaffelpressa på den nye sommarkafeen på Lesjaverk. Saman med Hedda Vorkinn (14) har ho laga sin eigen sommarjobb på Lesjaverk. Dei to har kafé i lokala ved butikken. Måndagar er det stengt elles er det ope kvar dag heile juli.

– Kanskje etter det også, vi får sjå, seier jentene.

Dette er den første sommarjobben dei har. Litt starthjelp frå heime har dei fått, elles har det planlagt dette sjølv. Jentene håpar både bygdefolk og turistar vil nytte seg av kafeen. Vaflar, toast, kake og drikke av forskjellig slag står på menyen.

– Vi bakar sjølve så det vert forskjellige kaker, fortell Vorkinn.

Kafékultur
Ein lokal kargjeng frå Lesjaverk har hatt sin første testtur på kafeen, og ser godt nøgde ut.

– Vi vart glade da vi såg det skulle vere kafé her i sommar, vi har sterk kafékultur her i grenda, seier Gunnar Åvangen.

Og det kan han si med rette.

– Det var ei stund det var tre kafear og pensjonat i drift her samtidig, fortel Edvard Akerløkken.

Det var i tida frå krigen og fram til rundt 1970. Det var mange turistar og handelsreisande. I påska var det heilt fullt, da leigde folk gjerne ut rom i heimane sine også.

– Det var spiseplikt for å kunne få kjøpe øl. Da fekk du kjøpe to øl, før du måtte ta deg ein tur ut før du fekk kjøpt meir, humrar Håvard Doseth.

Dei 20 siste åra har det vore laurdagskafe i lokala ved butikken på Lesjaverk. Det har også vore sommarkafe på stasjonen.

– Det er nå frykteleg triveleg at desse jentene vil drive kafe her, seier Akerløkken.

Meir om unge gründerar?

Tre unge gründerar som aldri har jobba med mat før skal etablera seg på St. Hanshaugen i Oslo, og gir eitt måltid til Vietnam for kvar wok dei sel.

Denne gjengen lagar små robotar som skal hjelpa langtidssjuke barn

– Eg har jo ikkje noko formell utdanning, bortsett frå vidaregåande. Men eg trur kundane er meir opptekne av produktet vi leverer enn kor mange bachelorgrader vi har, seier Simon Dagfinrud (20) som starta eiga bedrift på vidaregåande