Fekk Heikki Holmås i vervepremie

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert hjå Porten.no.

Sogndal Sosialistisk Ungdom er det av ungdomslaga til SV som har hatt størst prosentvis auke i medlemstalet det siste året. Premien var å få høyre Heikki Holmås snakke om internasjonal solidaritet.

– Det er veldig kjekt å vere tilbake i Sogndal og treffe ungdommen som har jobba for å gjere SU stort og sterkt, seier premien sjølv.

Det er faktisk ikkje første gong Heikki Holmås fyller den rolla. I samband med P3-aksjonen i 2012 vart det halde ein internettauksjon der bodvinnaren fekk ein kveld med den dåverande utviklingsministeren. 

– Eg set pris på å bli lodda ut, konstaterer Holmås.

Les også: Talet fattige barn aukar òg i Sogn – ho vil doble barnetrygda​
Les også: Denne skulen i Sogndal kan bli brennheitt stoff i valkampen

Sogndal SU vart skipa i haust og har no tjue personar på medlemslista. Hedda Hellum Jamtli, fylkesleiar for Sogn og Fjordane SU, har leiarvervet inntil styret har fått valt ein ny.

– Det er veldig gøy at ein person frå Stortinget kjem til eit nyoppstarta SU-lag i Sogn og Fjordane, seier ho.

Også moderpartiet i bygda var på plass, representert ved Vibeke Johnsen. Ho seier eit sterkt ungdomsparti er viktig fordi dei er tettare på utfordringane andre unge har i kvardagen, samstundes som dei er eit viktig korrektiv til «vaksenpartiet». 

– Vi må unngå at vi blir for einige med oss sjølve. Det er noko av det som er bra med å ha med ungdom, seier ho.