Fekk Drømmestipendet

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fekk Drømme- stipendet

For åttande året på rad fordeler Norsk Tipping og Norsk kulturskoleråd ein million kroner på hundre enkeltpersonar og grupper. I dag, onsdag, blei det kjent kven som får Drømmestipendet 2011 og dermed 10.000 kroner kvar.

– Totalt var 266 utøvarar nominerte. Alle er gode drømmestipendkandidatar med kulturelle draumar som Norsk Tipping og Norsk kulturskoleråd veldig gjerne vil bidra til at blir verkelegheit, seier Lars Emil Johannessen, prosjektleiar for Drømmestipendet.

Kvar kommune har fått nominera ein kandidat. Vinnarane driv med alt frå foto, biletkunst og film til musikk, teater, sirkus og dans.

Fekk møte drømmedama
Mellom dei som fekk Drømmestipendet var Elise Tunstrøm frå Hof i Vestfold, Lina Taule Fjørtoft frå Bergen og Edvard Arntzen Karijord frå Øksnes i Nordland. Jentene vil bli høvesvis regissør og skodespelar, medan Edvard Arntzen Karijord bli driva med film. Saman fekk dei ein sponsa tur til hovudstaden for å treffa skodespelar og juryleiar Mari Maurstad på Nationaltheatret.

Sjå video som Edvard laga frå besøket til Oslo: