Fattige liv

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kalvø: Fattige liv

Men eg kjenner jo at det ikkje er som det var den gongen for mange OL sidan, då eg kunne sitte oppe til langt på natt for å sjå åttandedelsfinalar i idrettsgreiner eg ikkje var interessert i og ikkje ante kva var, ikkje eingong etter at vi hadde sett dei. Liggande sculler med toar i feltet. Ståande lengde. Snikande tiger. Skjult drage.

Det er ikkje sånn no. Ikkje nesten eingong. Kva har skjedd med oss? Vi, som ein gong let oss rive med og satt med potetgullet i fanget klokka 0340 og følgde med på kvalifiseringsrundar i idrettar som strengt tatt ikkje er idrettar, men hobbiar. Judo. Idrettar som berre finst i gymmen og i tidligare britiske koloniar. Landhockey. Idrettar som høyrest ut som farlige operasjonar eller skjema. Laser radial. RS-X.

Og skyting. Det er veldig mykje skyting i OL. På alt mulig.

Trur eg. Det var i alle fall mykje skyting før. No ser eg nesten ikkje på, så eg veit sant å seie ikkje kva dei driv med i Rio midt på natta.

Eg har tapt meg. Ikkje eingong når Norge gjer det bra, er eg med. Eg kan sitte og lese om dagens øvingar, og kva norske utøvarar som kan ha medaljesjansar. No skal eg følgje med, tenker eg. Vere med på festen. Og før eg veit ordet av det, sitt eg i staden og les om William som skal slutte i Skam. Og eg kjenner at eg er mykje meir interessert i det.

Før kasta eg alt eg hadde i hendene og stod på tå og følgde med kvar gong ein nordmann gjorde det bra i ein eller annan sculler. Eg hadde sannsynligvis aldri høyrt om denne nordmannen før, og eg veit framleis ikkje sikkert kva sculler er, men der stod eg. No? Nei. Og du skal vere bra nasjonalist viss du ikkje heia litt på Angola i handballkampen her om dagen. Artig at Norge vinn, sjølvsagt, men ærlig talt: Det gjer dei jo som regel i handball for kvinner. Og det er ikkje så artig at du gidd og sitte framfor tv-en i halvannan time for å sjå på noko som ikkje er det minste spennande.

Kanskje eg ikkje er så interessert lenger? Er det så enkelt? Nei. Eg trur ikkje det. Eller, eg var ikkje meir interessert før heller. Men eg følgde med likevel.

Kanskje skjer det for mykje anna. Kanskje har livet, både mitt og livet generelt, blitt mykje meir interessant, slik at eit OL ikkje er den begivenheita det var, men berre endå meir i eit liv som allereie er ganske fullt.

Det kan hende. Det skal innrømmast at eg vaks opp i ei tid der tv etter midnatt var ein attraksjon i seg sjølv.

Men det forklarer ikkje alt. Det forklarer ikkje timane med landhockey og synkronstup og lasersculler utan styrmann.

Og skyting. Veldig mykje skyting.

Men no trur eg at eg har forstått det. Forstått kva det var vi venta på. Vi venta på stuntreporteren.

Eg veit ikkje når stuntreporteren blei eit fast innslag under alle store idrettsarrangement på tv. Og det var ei tid før stuntreporteren, då ein også hadde stuntreporterar, ein berre visste ikkje at det var det dei heitte. Så langt tilbake eg kan huske, har det alltid vore minst ein tøysekopp med i alle OL og VM. Norges største mediehus sender masse folk for å dekke store sportshendingar, og ein av dei er ein tøysekopp. Ein som har reist til andre sida av jordkloden for å tulle. Stille fjasespørsmål til idrettsutøvarar. Gå rundt på gata i arrangementsbyen i eit rart antrekk og vere frekk mot folk. Spørje folk på tribunen om ting dei ikkje har den minste føresetnad for å kunne svare på.

Og her er poenget: Det er tøysekoppar i OL no også, men viss dei gjer noko morsamt, kan vi sjå det overalt heile tida, når det måtte passe oss. Før ante vi aldri når dei dukka opp. Det kunne skje når som helst. Plutselig, når det var litt tid mellom firar utan seil og toar utan snøring, kom den fjasete vignetten. Det blei ropt gjennom huset dersom ikkje alle var der. Alle kom springande. Kanskje rakk vi det. Kanskje rakk vi det ikkje. For innslaga var ikkje lange. Og du visste aldri når det neste ville komme.

Så vi venta. Gjennom sculler etter sculler.

Og skyting. Veldig mykje skyting.

Vi levde fattigare liv før. Vi gjorde det.

Først publisert i Aftenposten 13. august.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!