Færre vil bli lærarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Samstundes har talet på nye lærarstudentar auka med 1.300 på åtte år, opplyser Kunnskapsdepartementet. Talet på studieplassar har auka frå om lag 3.000 til rundt 4.000 i same periode.

Ved studiestart i haust var det 585 planlagde studieplassar på lærarutdanningane som ikkje var fylte opp, mot 282 i 2015. Medan 93 prosent av plassane er fylte på landsbasis, skil Nord-Noreg seg ut med berre 58 prosent.

– Rekrutteringa til lærarutdanningane i Nord-Noreg er for låg. Særleg alvorleg er det at talet på studentar på grunnskulelærarutdanning for 1. til 7. trinn har gått ned, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Regjeringa var førebudd på ein nedgang i studenttalet som følgje av den nye kravet om karakteren fire i matematikk frå vidaregåande skule.

– Vi var førebudd på ein større nedgang i haust. Då kravet om 35 skulepoeng og karakteren tre i norsk og matematikk blei innført i 2005, var nedgangen større. Den gong såg vi at talet tok seg opp igjen, og vi forventar det same no, seier Isaksen. (©NPK)

LES OGSÅ: Mållaget reagerer på offentleg engelskskule