Færre vel realfag på vidaregåande

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skuleåret 2016/2017 valde 42 prosent av elevane på studiespesialiserande linje på vidaregåande skule realfag. Det er ein nedgang frå dei to førre skuleåra, då 45 og 44 prosent av elevane valgte realfag, melder regjeringa.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen er uroa for rekrutteringa til realfaglege yrker og utdanningar.

 For å løyse store samfunnsutfordringar som klimakrise, eldrebølgje og raske teknologiske skifte treng vi mange dyktige realistar i åra som kjem, seier Isaksen på regjeringa sine nettsider.

For å snu trenden vil kunnskapsministeren mellom anna sikre at dei svakaste elevane får ekstra opplæring i basisfaga endå tidlegare.

Biologi og teknologi
Resultata kjem frå Realfagsbarometeret, ein årleg rapport om matematikk og naturfag i skulen.

Kunnskapen skal gjere det lettare å velje rett tiltak for kommunane og skulane som treng det.  

Rapporten viser også ei klar kjønnsfordeling mellom realfaga.

Jentene vel biologi, kjemi og samfunnsfagleg matematikk i større grad enn gutane, som er i klart fleirtal på teknologifaga, fysikk og realfagleg matematikk.


Andel jenter og gutar som tek realfag i 2. klasse på VGS 2016-17

Les meir om regjeringa si satsing på realfag gjennom Realfagsbarometeret

Eller du kan lese fleire forskingssaker frå Framtida.no