Færre ungdommar syklar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Berre ni prosent av alle reisene til ungdom mellom 13 og 17 år er gjort med sykkel. I 2005 var talet 15 prosent.

I Nasjonal transportplan ønskjer regjeringa å auka delen av barn og unge (barne- og ungdomstrinnet) som går eller syklar til og frå skulen frå 60 prosent til 80 prosent fram til 2019. Men no er det altså færre som syklar. Samstundes har talet på gåande auka med fire prosentpoeng.

Uroa over utviklinga
I Nasjonal Transportplan ønskjer regjeringa auka den delen av reiser som føregår på sykkel til åtte prosent. I 2005 var talet fem prosent. Ferske resultat frå reisevaneundersøkinga frå 2009 viser at talet har gått til fire prosent.

Generalsekretær i Syklistenes Landsforening, Rune Gjøs, er uroa over utviklinga:

– Målet om ein 8 prosent syklande innan 2019 er etter vår vurdering i fare, skriv han i brev til samferdselsministeren og bed om møte for å drøfta tiltak.

Dette er dei beste sykkelbyane
I budsjettet for 2011 har regjeringa sett av 230 millionar kroner til nye sykkelvegar. Dette er ein auke på 50 prosent frå året før. Til saman skal staten stå for bygging av 56 kilometer gang- og sykkelveg. Ein skal òg etablera samanhengande hovudnett for sykkeltrafikken i byar og tettstader.

Trondheim og Fredrikstad er dei beste sykkelbyane i landet. Her er ni prosent av alle reiser gjort med sykkel. Bergen er på botn blant dei store byane. Her blir berre tre prosent av alle reisene gjort med sykkel. I Oslo er talet fem prosent.

Kva meiner du skal til for at fleire skal bruka sykkel på veg til skule, trening eller jobb?