Færre mannlege lærarar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ikkje gjort ein betydeleg innsats for å få menn inn i skulen. Kampanjen for å få menn til å søka jobb i barnehage har gitt resultat, og no bør regjeringa og utdanningsmyndigheitene gjere noko for å få fleire mannlege lærarar, seier sosiolog Ole Bredesen Nordfjell til Utdanningsnytt.

LES OGSÅ: Læraryrket har blitt meir populært

Mista tusen mann
Skuleåret 2014/2015 er 25 prosent av lærarane i grunnskulen er menn, ifølgje tal frå Utdanningsdirektoratet.

Talet har vore jamt søkkande sidan skuleåret 2005/2006, då nesten 30 prosent var menn. I løpet av dei fire siste åra har norske skular mista tusen mannlege lærarar.

Med over 28 prosent menn erNordland og Troms dei fylka med jamnast kjønnsfordeling, følgt av Vest-Agder. På botnen ligg Akershus med berre 22,5 prosent mannlege lærarar.

LES OGSÅ: Vil sjå lesande menn

Få mannlege assistentar
Nordfjell har forska på menn i kvinnedominerte yrker og er uroa over mannemangelen i skulen, både av omsyn til elevane og arbeidsmiljøet for lærarane.

Han meiner det er det påfallande at å få fleire menn inn i skulen ikkje har vore ein del av lærarrekrutteringssatsinga. No vonar han på ei satsing som vil få fleire menn til å velje læraryrket.

– Før desse er ferdigutdanna, er det jo mykje skulane sjølv kan gjere ved å tilsette menn i dei andre yrkesgruppene som finst i skulen, til dømes assistentar, tilsette på SFO, pedagogisk-psykologisk teneste og helsepersonell, foreslår sosiologen.

Berre fire av fem assistentar i skulen kvinner.

Faktaboks

Prosentdel mannlege grunnskulelærarar:

Akershus: 22,57
Buskerud: 22,65
Rogaland: 23,91
Vestfold: 24,52
Telemark: 24,78
Aust-Agder: 24,84
Oppland: 24,85
Sogn og Fjordane: 25,33
Hordaland: 25,38
Østfold: 25,57 
Nord-Trøndelag: 25,68
Hedmark: 26,70
Finnmark: 26.72
Møre og Romsdal: 26,73
Oslo: 27,17
Sør-Trøndelag: 27,62
Vest-Agder: 28,26
Troms: 28,41
Nordland: 28,43

Kjelde: GSI, Utdanningsdirektoratet