Færre bryr seg om fotball

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjølv om mange i desse dagar lar seg rive med av EM i Frankrike, har interessa for fotball vore større før, ifølgje meiningsmålingsselskapet Ipsos.

Undersøkinga Norsk Monitor, som sidan 1980-talet mellom anna har målt idrettsinteressa hos folk, viser at fotballinteressa har falle meir eller mindre jamt sidan da. I dag seier over éin av tre nordmenn at dei ikkje bryr seg om ballsparkinga i det heile.

LES OGSÅ: Fotballkarrieren enda med sjølvmordsforsøk

– Interessa har gått nedover, seier avdelingsleiar Kristin Rogge Pran i Ipsos til Dagens Næringsliv.

– I 1985 sa 82,5 prosent av mennene at dei var litt eller svært interesserte i fotball. No er talet 74,4. Kvinnene har falle frå 54 prosent i 1985 til 50,5 no, seier ho.

Andre idrettar ser ut til å fengje nordmenn meir, viser Ipsos-tala. Både langrenn og skiskyting er meir populært enn fotball, og også handball har no vorte meir populært enn fotball. (©NPK)

LES OGSÅ: Skulane favoriserer fotball