Får støtte i Oljefond-kritikken

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I går skreiv me om Studentane og Akademikarane sitt internasjonale hjelpefond (SAIH) som vil setja fokus på uetiske investeringar frå Oljefondet som går ut over urfolk. Dei har mellom anna sett inn avisannonsar på vegne av Oljefondet, og demonstrert utanfor Stortinget.

No får dei støtte, og den kjem frå inne på Stortinget.

Støtta kjem frå Arbeidarpartiet, og Torstein Tvedt Solberg som sit i Finanskomitéen på Stortinget.

– Eg vil takka SAIH for å løfta denne debatten. Oljefondet er eigd av det norske folk, og som samfunn bør me ikkje vera likegyldige til korleis fondet investerer, seier han.

LES OGSÅ: Ber Oljefondet rydda opp

La fram forslag i vår
Allereie i vår foreslo Arbeiderpartiet at menneskjerettar og ILO-konvensjonen om urfolk skulle bli eit fjerde strategiområde for Oljefondet, fortel Solberg. I dag er satsingsområda klima, vatn og barnearbeid.

– Oljefondet er verdas største nasjonale fond, og korleis me veljer å forvalta vår rikdom blir lagt merke til i verda. Ved å løfta menneskjerettar og urfolk sine rettar sender me eit sterkt signal til selskapa og andre investorar, seier Solberg.

LES OGSÅ: –Oljefondet legitimerer okkupasjonen

Løftar debatten
Då Arbeiderpartiet la fram forslaget i vår, vart dei nedstemt. No vil Studentane og Akademikarane sitt internasjonale hjelpefond (SAIH) ta opp att debatten.

– Om regjeringa i praksis vil sikra urfolksrettar bør me ikkje investera milliardar av kroner i selskap som overser internasjonale reglar, seier Jørn Wichne Pedersen, leiar i SAIH, i ei pressemelding.