Får Kritikarprisen for Ferrante-omsetjing

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vigdis Hjort har fått litteraturkritikarprisen for romanen Arv og miljø, ei bok som ho òg er nominert til Nordisk råds litteraturpris for.

Norsk kritikarlag delte ut litteraturkritikarprisane for bokåret 2016 i Oslo torsdag. Den såkalla kortkort-romanen Arv og miljø fekk svært god mottaking hos kritikarane i fjor haust. Boka skapte òg stor debatt om etikk og røyndom i litteraturen.

Hjorth har allereie fått Bokhandlerprisen for den same romanen, som er utgitt på Cappelen Damm.

Kritikarprisen for beste sakprosabok for vaksne gjekk til Marit Paasche for boka Hannah Ryggen. En fri, utgitt på Pax forlag, mens Tyra Teodora Tronstad (bildet) fekk prisen for beste barne- og ungdomsbok for Mørket kommer innenfra (Aschehoug).

Kritikarprisen for beste omsetjing gjekk til Kristin Sørsdal for Historia om det tapte barnet av Elena Ferrante (Samlaget).

Journalist og litteraturkritikar Anne Cathrine Straume i NRK vart kåra til Årets litteraturkritikar.

Prisen er eit trykk av Tom Stian Kosmo.