Får eigen nøkkel til biblioteket

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Alle får nøklar til bokskatt

Viss alt går som bibliotekar Mira Sandaaker vil, kan folk i Dyrøy kommune snart låse seg inn på biblioteket også utanom opningstider og låne med seg bøker heim.

Det skal utviklast eigne nøkkelkort til lokalet, som også skal fungere som lånekort. Kvar innbyggjar i kommunen kan så inngå ein kontrakt med biblioteket om å få sitt eige kort, forklarar Sandaaker.

Det inneber at lånaren kan låse seg inn nesten når det passar, utan at det treng vere folk på jobb.

– Men det blir ikkje døgnope, seier bibliotekaren.

– Vi reknar med å få utvida opningstidene frå 14 timar i dag til 45 timar når den nye ordninga startar neste år.

Ikkje redd for rot
Det er mange praktiske omsyn å ta når ein skal utvide biblioteket på denne måten. Mellom anna må ein vurdere kor mykje av lokalet som skal vere tilgjengeleg når folk er der utan personale til stades. Det handlar vel så mykje om brannsikring og kva forsikringsselskapet godtek, som det handlar om frykt for at folk skal øydeleggje. Det siste er ikkje biblioteksjefen det minste redd for.

– Vi er ein liten kommune med 500 husstandar, og folk her føler sterk eigarskap til kulturhuset som biblioteket held til i.

Lånekortet som folk må bruke for å låse seg inn, er dessutan eit personleg kort, som legg att spor om kva tid lånarane var der sist, og kva bøker dei lånte. Prosjektet legg i det heile tatt opp til eit svært personleg forhold mellom den einskilde og biblioteket, understrekar ho.

I første rekke er dette eit utviklingsprosjekt, og Dyrøy har fått midlar frå ABM til å drive dette prosjektet fram. Inspirasjonen er henta frå Danmark, der dette har vore utprøvd med stort hell fleire stader, og der utlånsraten har gått monaleg opp etter at ein opna for sjølvbetening.

Først i landet
Dyrøy er den første kommunen her til lands som prøver ut eit slik system, og Sandaaker har allereie fått mange spørsmål frå store og små kommunar som er nysgjerrige på opplegget og vil prøve å få til det same.

Kommunen ønskte opphavleg å gjere denne ordninga tilgjengeleg for alle frå vidaregåande skule og oppover, men forsikringsomsyn gjorde at ein må vere fylt 18 for å få eit slikt kort. Bonusen er at denne utlånsordninga ikkje berre vil gjelde for innbyggjarane i kommunen.

– Vi har omlag 350 fritidsbustader i kommunen, og desse får også tilbod om lånekort med nøkkel. Dette er folk som allereie i dag har eit aktivt forhold til biblioteket, mellom anna på grunn av tilgang til trådlaust nettverk, noko som kanskje ikkje alle hytter har.

Og for dei som er redde for at dette betyr at biblioteket no vil bli heilt sjølvbetent, så kan Sandaaker roe dei:

– Vi skal framleis ha folk på plass våre 14 timar i veka. Kanskje blir det òg slik at det blir meir å rydde etter at folk har vore og ordna opp sjølve. Då må vi gjerne utvide beteningstida enno meir for å få rydda.

Kva synst du biblioteket ditt bør gjera for å få fleire til å låna bøker?