Fantasi og fanteri på Falturiltu

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fantasy-forfattarane Lene Kaaberbøl, Lars Mæhle, Kristine Tofte, Asbjørn Rydland og Tor Arve Røssland kjem til Stord 2.-7. november.

Den danske fantasydronninga Lene Kaaberbøl blir å treffa på bok- og hestefesten Stallturiltu og på festførestillinga, søndag 2. november. Årets musikaloppsetjing ved Høgskulen Stord/Haugesund er basert på Kaaberbøl si gjennombrotsbok Skammarens dotter, og same bok blir utgangspunkt for ei utstilling laga av  sjetteklassingar i stordskulen.

– Fantasy er ein veldig populær sjanger, og me vil undersøkja bøkene som både yngre og eldre ungar likar å lesa, og få fram det som finst på nynorsk, seier Roald Kaldestad i programkomiteen. På Høgskolen Stord/Haugesund arrangerer Falturiltu eit seminar om fantasy og fantastikk.

LES OGSÅ: Samtidas trollmenn

Linda Eide, Tønes og Solér

«Eit musikalsk tekstgeni» har Ragnar Hovland kalla songaren og låtskrivaren Tønes. 2. november får kjem han til Stord.

Legendariske Erik Solér kjem til årets Ballturiltu (bok- og fotballfest), saman med forfattar Ragnfrid Trohaug.  På nyvinninga Talturiltu (bok- og matte) vil Arild Stubhaug presentere sin biografi om matematikaren Niels Henrik Abel, Skjulte kodar.

– Eit poeng med festivalen er å dra fram bøker som er verdt å lesa, også dei som ikkje er heilt nye, seier Roald Kaldestad.

LES OGSÅ: Tønes videodebuterer

Frå beibi til eldresenter

Prisvinnande Gyrid Axe Øvsteng vil lesa for dei minste under bok og beibi på Kringla konditori , og det blir skulebesøk ved Terje Torkildsen,  Linn T. Sunne, Asbjørn Rydland, Lars Mæhle, Atle Hansen, Arnt Birkedal,  Per Jan Ingebrigtsen og debutanten Janne Nerheim. Kristine Tofte og Trio Vest vil også samarbeida om ei førestilling basert på Tofte sitt storverk Song for Eirabu. Linda Eide skal lesa frå Oppdrag Mottro på eldresenter.

Stord kulturskule vil både ha eigen konsert og bidra med andre innslag på festivalen. Sjetteklassane i Stord er invitert til å laga utstilling med utgangspunkt i Skammarens dotter av Lene Kåberbøl, og elevar frå Fitjar vidaregåande skal òg laga utstilling.

På Sunnhordland museum blir det fokus på handarbeid av mange slag, og litteratur inspirert av handarbeid. Debutanten Eli Fossdal Våge les frå diktboka Hekla myter, og vinnaren av handarbeidstevlinga vår blir kåra.

Falturiltu 2014 vert avslutta med ein kjempefest for dei vaksne med Linda Eide og Finn-Erix med gjester på ute- og konsertstaden Arena.

LES OGSÅ: Dyrebar kvardagsmagi

Faktaboks

Falturiltu er verdas einaste nynorske barnebokfestival og vert arrangert i veke 45 kvart år.

Her er det opne førestillingar for born og vaksne, forfattarbesøk i skulen, barnelitteraturseminar, skrivekurs, konsertar, førestillingar og utstillingar.