Fangar opp ungdommane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ein må hente stå-på-viljen

Simen var ferdig med to år på vidaregåande, først eit år på mekanisk linje før han gjekk vidare på maritime fag. Men så var det slutt, han var skulelei, og såg mørkt på å byrje på fagbrevet. Då vart han fanga opp av ungdomsprosjektet til NAV Kristiansand.

Dei skaffa han jobb som glasmontør på Hurtigruta Carglass, og eit år etterpå har han fast jobb, eigen leiligheit og bil. Simen trur nok han hadde fått seg lærlingplass utan NAV-prosjektet også, ikkje minst sidan han har ein far i offshore-bransjen, men det hadde blitt ein betydeleg lengre og tyngre veg å gå.

LES OGSÅ: Farleg fråfall

– Eg søkte mange jobbar utan å få svar, kontrasten er veldig stor til i dag når eg har etablert meg med både hus og bil. Ein må rett og slett våge å satse litt. Og ikkje minst må ein innsjå at ein ikkje kan forvente alt på ein gong viss ein ikkje vil gå på skule. Ein må jobbe og hente fram stå-på-viljen skal ein få resultat, når ein ikkje har gått på skule må ein og bevise litt meir, seier Simen.

Viktig med mål
I dag ser han ikkje vekk frå at han både kan vurdere å ta fagbrev eller gå meir på skule viss det dukkar opp noko spanande. Han har opparbeidd seg ein god CV han drar nytte av.

Marit Mikalsen er avdelingsleiar i ungdomsavdelinga NAV Kristiansand.

LES OGSÅ: Fråfallet er lågast i vest

– Eg kjenner mange som har slutta på vidaregåande, men mange av dei innser etter ei stund at ein må klare å finne seg ein jobb. Det er ein fase i livet det der, men når ein kjem i ein viss alder ser ein at ein må gjere ein innsats for å nå dei måla ein har sett seg, som til dømes å eige si eiga leiligheit. Det er viktig å setje seg mål, slår Simen fast.

– Er ungdomsprosjektet til NAV eit godt tilbod, eller burde dei endre på noko?

– Det er vanskeleg å seie noko om. Folk er så ulike, og treng forskjellige løysingar på problema sine. Dei må behandle alle individuelt, men for meg fungerte det godt.

Individuell oppfølging
Ungdomsprosjektet til NAV Kristiansand har eksistert sidan 2006 og samarbeider tett saman med den vidaregåande skulen. Målet er å fange opp ungdommar mellom 16 og 20 som droppar ut av den vidaregåande skulen så raskt som mogleg. Alle som droppar ut skal ha ein aktivitetsplan som er utarbeidd saman med den vidaregåande skulen og som viser kva som blir anbefalt vidare for ungdommen.

– Dersom det til dømes er praksisplass ungdommen vil ut i for å få jobberfaring har me tiltak som Ung bedrift. Elles har me tiltak som kurs, attføringsbedrifter og Gateakademiet, seier avdelingsleiar i ungdomsavdelinga NAV Kristiansand, Marit Mikalsen.

LES OGSÅ: – Spel kan kutta skulen med to år

Gateakademiet har ungdom som har droppa ut av vidaregåande skule som hovudmålsgruppe, akademiet blir i hovudsak drive av Kristansand kommune, men får også bidrag frå Vest Agder fylkeskommune. NAV har 20 av 25 plassar ved akademiet. NAV har også i dag ein person som jobbar i prosjektet Ung bedrift, der omlag 50 ungdommar har vore innvolverte i perioden som prosjektet har eksistert, frå 2009 til 2011. I Ung bedrift er det stort sett ungdom mellom 17 og 20 år.

– Fylkeskommunen har hovudansvaret for dei som droppar ut av vidaregåande skule og skal i samband med det tilby eit alternativ. Når det ikkje lukkast vil Ung bedrift representere eit kritisk viktig tilbod for ungdommane våre. Mange bedrifter ser også verdien av å vere med å forme morgondagens ressursar.

Mange grunnar
Marit Mikalsen viser til at det kan vere mange grunnar til at nokre droppar ut av vidaregåande skule.

– Den typiske ungdommen som droppar ut av vidaregåande er dei som har valgt feil linje, er skulelei, ikkje klarer presset på grunn av opplevingar i barndommen, har svake karakterar frå ungdomsskulen eller ikkje finn seg til rette i den vidaregåande skulen. Det kan også vere familiære eller sosiale problem, manglande motivasjon, eller at overgangen blir for stor, både teoretisk og sosialt, seier Mikalsen.

LES OGSÅ: Fekk hjelp til å slutta å skulka

Ungdomsprosjektet har omlag 180 ungdommar inne i oppfølging kvart skuleår. Og alle skal få eit individuelt program.

– Hovudfokuset er at alle ungdommane skal vurderast individuelt og utfallet i dei ulike sakene kan variere veldig. Målet er at ungdommane som har mislukkast i vidaregåande skule treng mestringsarenaer og opplevingar for å kome vidare i forhold til skule og jobb. Det jobbar me med i forhold til kvar enkelt.

Les saka i Magasinett!