Falturiltu satsar på fotball og bøker

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei bok- og fotballinteresserte får sitt også i år på Falturiltufestivalen på Stord.

På arrangementet Ballturiltu vil keeperlegenda, forfattaren, og programleiaren Erik Thorstvedt ha ei engasjerande fotballøkt med ungane før det blir fotballbokopplesing ved Lars Mæhle og Atle Berge og kakefest.

Ragnar Hovland på film
Sekstiårsjubilant Ragnar Hovland er årets festivalforfattar og vil prega det meste av programmet under denne sjette Falturiltufestivalen på Stord.

Les siste nytt om Ragnar Hovland her!

Temaet for festivalen er ”Ryk og reis”.

Forfattaren Roald Kaldestad er med på å arrangera festivalen, og svarar på kvifor:

– Det er på grunn av at reisa er heilt sentral i Hovland sine tekstar. Temaet vil bli teke opp i seminaret på Høgskolen Stord/Haugesund, som tittel på Hovland sitt innlegg, i utstillingar og anna, fortel han.

 Sjølv blir Hovland å oppleva under opningsfestkonserten i Kulturhuset, søndag 4. november, saman med Odd Nordstoga og Maria Parr. Han er også gjest med populærorkesteret Finn- Erix (Halvor Folgerø, Finn Tokvam og Odd-Erik Lothe) på utestaden Arena, fredag 9. november og han vil bidra på det faglege seminaret ved Høgskulen Stord/Haugesund same dag. Tekstane hans vil elles blant anna vera utgangspunkt for årets musikalprosjekt for kunst- og musikkstudentar ved HSH og kortfilmkveld i Kulturhuset.

– Filmane er tidlegare innspela kortfilmar. Eddie Stargazer, Emil og kaffikokaren og Beatpoetane er nokre av dei som vil bli vist, fortel Roald Kaldestad til Framtida.no.

Hekser
Stord Mållag vil ha vaksenbokarrangement i Sunnhordland Museum med Helge Torvund, Marit Eikemo og Aina Basso. Basso vil også delta på Heksedag på museet. Det blir Bok & beibi-arrangement med Anna Rommetveit Folkestad og alle skulane i Stord kommune får forfattarbesøk av bl.a. Bente Bratlund, Atle Hansen, Hans Sande, og Øystein Runde.

LES OGSÅ: Sopp kan ha ført til heksebrenning

Saman med Mediehuset Sunnhordland vil Falturiltu i tillegg lysa ut ein nynorsk låtskrivingskonkurranse. Dei beste låtane vil bli framførte under ein konsert i gruvene på Litlabø.

Norsk Barneblad som feirar 125 år i år, vil òg bli feira under festivalen. Her kjem blant andre Tor Arve Røssland og Helga Gunerius Eriksen for å kaste glans.

Alle barnehagane i Stord har fått Erna Osland si fagbok «Når du går på ei bru» i gåve frå Falturiltu, og arbeidet med denne vil munna ut i ei utstilling i festivalveka. Utstilling blir det også utandørs i Osen. Leif Hedman og elevane hans ved Fitjar videregåande skule, Design og Handverk , vil presentera installasjonen ”RYK OG REIS!” i samarbeid med Galleri Giga.