– Facebook fortel meg kva som er trendy, men ikkje kva som er siste nytt

Framtida
Publisert
Oppdatert 07.11.2017 13:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Facebook fortel meg ikkje siste nytt

– Eg nyttar Facebook mest, også til å få med meg nyheiter, seier Tobias Blindheimsvik.

16-åringen går førsteklasse studiespesialiserande på Bjørnholt videregående skole i Oslo. Både Tobias og medelevane Yassine Ababri og Maryam Saeed har lagt merke til at nyheitene på nettavisene ikkje er det same som dukkar opp i Faceebook-feeden deira.

– Det som er hot akkurat no, det får eg med meg på Facebook, seier Yassine.

– Dersom eg vil vite kva som skjer, går eg rett til vg.no, medan Facebook fortel meg kva folk er opptekne av, supplerer Maryam.

I snitt nyttar 15-16-åringar 3,5 timar på internett kvar dag (NOVA 2015). Mykje av denne tida vert nytta til sosiale medier. Dei tre førsteklassingane fortel at dei også nyttar Snapchat, Messenger og Instagram, men at Facebook er ein av dei dominerande nyheitskjeldene.

Unge vil helst ha nyheiter gratis på mobilen, viser ein fersk rapport.

Feeden full av clickbait
På spørsmål om dei har sett postar på Facebook som er usanne kjem det eit unisont «JA!». Dei har fleire eksempel på det dei kallar «clickbait». «Nine Haunted Houses», «10 matrettar som gir deg fin hud» og overskrifter om kjendisar er blant postane dei har sett som dei ikkje trur er sanne.

– Det kjem nok an på sidene du følger, seier Yassine. – Eg er svært interessert i sport, så i feeden min er det mest nyheiter om det.

I ei ny undersøking frå Stanford University spurde forskarane over 7.000 elevar og studentar om å vurdere ulike nyheiter som sanne eller falske. Svara viser at unge ikkje har tilstrekkeleg trening i å vurdere kjeldene bak nyheiter i sosiale medier.

Heile 4 av 10 elevar i vidaregåande skule som deltok i undersøkinga meinte at eit bilete av deformerte prestekragar var sterke bevis for dei giftige tilhøva i nærleiken av kjernekraftverket Fukushima, sjølv om biletet ikkje inneheldt kjelde eller informasjon om kvar det var teke.

Klarer du å skilje fakta frå fiksjon? Ta denne quizen!

– Alle er ikkje like gode på kjeldekritikk
Samfunnsfaglærar Ingebjørg Eikenes forklarar at kjeldekritikk er eitt av kompetansemåla i faget hennar, men at elevane ikkje har kome skikkeleg i gang med det.

– Mitt inntrykk er at ikkje alle er like gode på kjeldekritikk. Ein høyrer all slags rare konspirasjonsteoriar. Referanserammene er ikkje dei same som vaksne nordmenn, som er vane med å sjå Dagsrevyen. Dei les nyheiter på ein anna måte, forklarar ho.

Læraren meiner at det er ei svært viktig oppgåve for skulen å læra ungdommane kjeldekritikk.

F.v. Tobias Blindheimsvik og Maryam Saeed (begge 16) førsteklasse Bjørnholdt vgs
Maryam Saeed og Tobias Blindheimsvik vurderer om ei utsegn av Donald Trump er fakta eller fiksjon.

I den amerikanske presidentvalkampen fekk falske nyheiter og spissa bodskap i ei stor rolle. Les om det her!

– Ein veit jo aldri med Trump
Framtida viser elevane Donald Trump-«sitatet» frå 1998, om at republikanarane er den dummaste gruppa av veljarar. Ingen av dei tre har sett det før. (Utsegnet er ikkje sant, ifølgje faktasjekkarane på nettstaden snopes.com.)

– Ein veit jo aldri med Trump, kommenterer Yassine.

– Det høyres ut som han. Eg trur det er riktig, seier Tobias, noko nølande.

Maryam fortel at ho også har sett postar som minner om konspirasjonsteroriar om den nyvalte amerikanske presidenten. Eit eksempel er The Simpsons som i 2000 laga ein episode der Trump vart vald til president.

– Der er jo litt mindfuck, seier ho.

Les også: Etter valet har Facebook tatt grep for å utestenge falske nyheitssider

Ser etter i kommentarfeltet
Yassine, Maryam og Tobias oppsøker òg tradisjonelle norske nettaviser, som VG.no og TV2 sine nettsider, for å få nyheitsoppdateringar.

Når elevane ved Bjørholt vgs. ser usanne postar på Facebook, scrollar dei anten vidare, eller så les dei i kommentarfeltet for å finne ut om innhaldet er til på stole på.

– Eg ser etter i kommentarfeltet for å sjå om nokon har sagt at dette er usant, seier Yassine.

Dei tre ungdomane er einige om at usanne postar på Facebook kan vere problematisk. Yassine meiner at det kan bidra til meir konflikt i samfunnet. Han får støtte av Maryam:

– Om du er lært opp til å tru noko heile livet og noko på Facebook seier at det er feil, så endrar ikkje det meininga di. Det skapar konflikt.

F.v. Tobias Blindheimsvik, Maryam Saeed og Yassine Ababri (alle 16) førsteklasse Bjørnholdt vgs
Dei tre elevane på Bjørnholt vgs. er einige i at falske nyheiter på Facebook er problematisk.

LES OGSÅ: – Følg alle ungdomspartia på Facebook, tilrår medieforskar