Evig westernfest

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Samtidig som «Ein neve dollar» fyller 50 år, kjem humor-fyrverkeriet «A Million Ways to Die in the West» til kinoane. På TV-skjermen har serien «Hell on Wheels» skote blink hjå sjåarane, og i 2012 kom ei revitalisering av sjangeren med Quentin Tarantinos blodige «Django Unchained».

Filmvitar Endre Eidsaa Larsen har lenge vore westernfilm-entusiast og ser fleire grunnar til at filmane i denne sjangeren fortset å appellere. Spennande historier handlar ofte om møte med ein framand, eller noko framand, ein definisjon som passar som revolver i hand på westernfilmane.

– Filmane viser måtar å stelle seg til det framande på, noko vi med vårt multikulturelle samfunn kan relatere til, seier medievitaren og legg til at vi som lever institusjonaliserte liv, kan ha sans for karakterar som må ordne opp eller gjere det rette i ei passe lovlaus verd, utan klare rammer.

– Vidare treffer naturskildringane oss. Og spørsmål rundt kultur versus natur har heller ikkje vorte mindre gyldige i dag, slår han fast.

LES OGSÅ: Filmsensuren fyller 100 år 

Saka fortset under biletet.


Christoph Waltz og Jamie Foxx i Quentin Tarantinos westernfyrverkeri – av det blodige og hemngjerrige slaget: «Django Unchained» (2012). Foto: Columbia Pictures

 

– Humor fornyar
Mange ser også på slike filmar med historisk interesse, sjølv om Larsen minner om at sjangeren er problematisk når det gjeld det historisk korrekte.

– Men det handler altså om Amerikas nære fortid, eit land og ei tid full av brytingar og der alt låg ope, fortset Larsen.

Komedien «A Million Ways to Die in the West», som har premiere 30. mai, er neste film ut til å ta oss med til det ville vesten. Vi spør filmvitaren om parodieringa er teikn på at sjangeren er i ferd med å bli uttømt.

– Tvert om. Når det blir leika med form og uttrykk, blir sjangeren både fornya og forsterka. Dessutan: Parodiar er gjerne latterleggjering av sjangerkonvensjonar og klisjear, ikkje av sjangeren som såleis.

Larsen understrekar vidare at parodiar ikkje er noko nytt for denne sjangeren. Humoristiske tolkingar som «Blazing Saddles» (1974) og «Wild, Wild West» (1999) har tidlegare slått godt an hjå publikum i ein sjanger som er ein gåvepakke når det gjeld etablert formspråk, symbol-tettleik og velkjende landskap.

LES OGSÅ: Feirar 100 år med norsk animasjon 

 Saka fortset under biletet.


Dramaserien «Hell On Wheels» har gjort stor lykke på TV-skjermen. Foto: AMC

Lang utvikling
Men djupt alvor pregar den klassiske westernfilmen, som har vore i stor utvikling. To filmar har ifølgje Larsen vore spesielt definerande for sjangeren: «Stagecoach» (John Ford, 1939) og «The Wild Bunch» (Sam Peckinpah, 1969). Ein ser ein tydeleg overgang til ei meir kritisk haldning til verdiane i sjangeren.

– I dei mange klassiske westernfilmane frå første halvdel av 1900-talet kan du gjerne utøve vald så lenge du er på rett side. Eit veldig tydeleg skilje kom med «Ride in the Whirlwind» (1966). Her rammar valden tilfeldig.

Vald hadde vorte problematisert og gjort vondt før, særleg i 50-talsfilmane til Anthony Mann, men «Ride in the Whirlvind» spissa dette ytterlegare, seier Larsen. Og går med på at å snakke om westernfilm også handlar om å snakke om Clint Eastwood.

– No er ikkje eg nokon Eastwood-ekspert, men han har utan tvil vore ein sentral figur i den delen av westerntradisjonen som framstiller «A lonely rider». I Sergio Leones spagettiwesternfilmar frå 1960-talet spelar Eastwood ein stille og nærast nihilistisk karakter som berre er oppteken av å klare seg.

Men dette endra Eastwood på då han i 1992 skreiv, regisserte og spelte i «Nådeløse menn».

– Her fortset han å vidareutvikle westerntradisjonen utan ironi. Han er tru til den meir konservative retninga, men skaper også ein cowboyhelt for ei ny tid: Valden er meir smerteleg og tvilen meir til stades enn hjå forløparen John Wayne, avsluttar Larsen.

Få eksperten sine westerntips under biletet. 


30. mai er det duka for nye westernsprell på kino. «A Million Ways to Die in the West» er ellevill westernkomedie frå Seth MacFarlane, med Charlize Theron, Amanda Seyfried og Neil Patrick Harris i nokre av rollene. Foto: UIP

Tilrådingar frå eksperten:

Endre Eidsaa Larsen har studert filmvitskap ved NTNU i Trondheim. Der hadde han blant anna westernfilm som særemne. Her er tilrådingane hans:

• «Ride in the Whirlwind» (Monte Hellman, 1965): Mannen som rir inn i solnedgangen her, er ein uskuldig mann jaga inn i døden ved eit tilfelle lova ikkje ser. Avglorifiserer og problematiserer klassiske verdiar i sjangeren.

• «The Wild Bunch» (Sam Peckinpah, 1969) – «It's not the word that counts – it's who you give it to!» Ein film om blant anna lojalitet, vennskap og omstilling til ei ny tid, eit nytt liv.

• «McCabe & Mrs. Miller» (Robert Altman, 1971): Kanskje den mest lyriske westernfilmen, fylt av ei lengtande stemning, med bilete prega av tøff natur og Leonard Cohen på lydsporet.

• «The Mall T» (Budd Boetticher, 1957): Eit kort meisterverk om karakterstyrke i ei lovlaus verd.

• «Man of the West» (Anthony Mann, 1958): Mann er ein av dei store westernfilmskaparane, som brukar settinga som arena for tragediar. Dette er kanskje meisterverket hans. (©NPK)

Faktaboks

Westernfilmen

• Westernfilmane tek utgangspunkt i nybyggartida i det amerikanske Vesten.

• Persongalleriet byr på revolvermenn, cowboyar, rike byfolk, røffe nybyggjarar, sheriffar, salooneigarar, ville indianarar og prostituerte.

• Forløparar i litteraturen finst, blant anna romanar av James Fenimore Cooper.

• «Det store togrøveriet» (1903, Edwin S. Porter) blir rekna som den første westernfilmen.

• Frå cirka 1915 var produsenten Thomas H. Ince og skodespelaren William S. Hart populære.

• I 1920-åra kom den første store westernfilmstjerna: Tom Mix.

• 1930-talet var prega av mange billege b-produksjonar, men John Fords «Stagecoach» (1939), som sørgde for gjennombrotet til John Wayne, tilførte sjangeren meir status. I kjølvatnet tok ei rad hollywoodnamn, som Gary Cooper, Henry Fonda og James Stewart, på seg cowboyhatten.

• 1950-talet var ein gullalder, med regissørane Anthony Mann og Budd Boetticher.

• Sam Peckinpahs «The Wild Bunch» (1969) og såkalla spagettiwestern med Sergio Leones «dollartrilogi» (1964– 66) har blitt ståande som høgdepunkt frå tiåret.

• Frå 70-talet vart sjangeren mindre framståande, men kvart tiår har likevel levert eigne, tidstypiske representantar – som «Young Guns» (1988), «Danser med ulver» (1990), «Nådeløse menn» (1992), «The Assassination of Jesse James by the Coward Robert Ford» (2007) og «Django Unchained» (2012).

Kjelde: Store Norske leksikon, Gyldendal, Endre Eidsaa Larsen