Even venta i fire år

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

1 av 2 sviktar funksjonshemma

Oslo-guten Even Østgaard Pettersen (24) er lam frå livet og ned.

Han har rett på ei ansvarsgruppe og ein individuell plan. Ansvarsgruppa skal bidra til at Even får alle tiltaka han har krav på, utan at arbeidet med å finne fram i byråkratijungelen ligg på skuldrane til han eller familien. Det har teke kommunen nær fire år å organisere.

Even si historie langt frå unik. Halvparten av kommunane i Noreg har ikkje oversikt over behova til born og unge med nedsett funksjonsevne, ifølgje ein Nova-rapport.

– Heile Samhandlingsreforma hadde vore overflødig dersom kommunane følgde lova, meiner Andreas Habberstad i Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon.

LES OGSÅ: – Må løfte systemkritikken

80 prosent manglar plan
I elleve år har kommunane vore pålagde å ha ei koordinerande eining, som skal vere eit kontaktpunkt for personar med nedsett funksjonsevne. Alle som har behov for langvarige og koordinerte tenester har òg rett på ein individuell plan.

Ifølgje Nova-rapporten manglar halvparten av kommunane oversikt over behova til barn og unge med nedsett funksjonsevne. I Noreg finst det 29 000 planar. Det betyr at færre enn èin av fem har ein slik plan, ifølgje Riksrevisjonen. Ein femtedel av kommunane har endå ikkje oppretta ei koordinerande eining i det heile teke.

Forskarane bak Nova-rapporten kallar underdekninga påfallande.

Meiningslause møter
– Nokre dagar føler eg meg heilt normal. Andre dagar er det kjipt.

Då Even skulle feire at han var ferdig i militæret, skjedde det som ikkje skulle skje. Han klatra opp til tredje etasje der det var fest. På veg ned att mista han taket. Det forandra livet hans.

Even vart lam frå livet og ned.

LES OGSÅ: Treninga med livet

– Livet mitt er ikkje berre skule, jobb og fritid. Det er òg møter med fysioterapeutar, søknadar om utstyr og stønad, legebesøk og operasjonar, fortel 24-åringen.

For snart tre år sidan hadde han sitt første møte med ei ansvarsgruppe i bydelen.

– Ingenting kom ut av møta. Til sist sa eg til dei at det var meiningslaust, fortel Even.

Han fekk ei ny ansvarsgruppe, men heller ikkje denne gongen merka han noko endring. Månadane gjekk og Even,  som hadde takla ulukka relativt greitt, byrja å merke etterdønningane.

– Eg mista all energi og matlyst. Eg kjende på konstant uro og kunne ofte ha høg puls, fortel han.

Even slutta å vere den aktive mannen han alltid har vore, og la på seg fleire kilo. Brått var det ikkje så enkelt å treffe andre lenger.

– Du trur du skal få hjarteinfarkt. Det kan vere heilt texas å ha angst, fortel Even.

Endeleg endring
I vår fekk han endeleg det han kallar ei ”ordentleg” ansvarsgruppe. Saman laga dei ein inviduell plan, der Even har formulert både kortsiktige og langsiktige mål, og korleis han skal nå desse.

– I byrjinga forstod eg ikkje poenget med å ha ei ansvarsgruppe og ein individuell plan. Det hadde inga hensikt, fortel Even.

No ser han annleis på tiltaka.

– Gjennom planen vil eg få i gong eit variert treningsopplegg, fullføre utdanninga og betre kosthaldet. Når ein har ei skade kjem ein i møte med svært mange instansar. I tillegg krever alt mykje meir krefter når ein sit i rullestol. Dermed er individuell plan og ei fungerande ansvarsgruppe veldig viktig, seier Even.

LES OGSÅ: Jenter har det verre enn gutar

Overflødig reform
– Kommuane bryt lova kvar einaste dag og det får ingen konsekvensar, seier Andreas Habberstad, som er administrasjonssjef i Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO).

Han vil slett ikkje undervurdere betydinga av dei koordinerande tiltaka.

– Heile Samhandlingsreforma burde vore overflødig. Hadde kommunane følgt lova, hadde ikkje den vore naudsynt, meiner Habberstad.

Han syner til Riksrevisjonen sin knusande dom i mars i år, der det kom fram at Helse- og omsorgsdepartementet sitt mål om å styrke rehabiliteringa innan helsetenesta ikkje var nådd. Kapasiteten har ikkje auka frå 2005 til 2010, slo Riksrevisjonen fast. I staden har den minka.

– Dette er stikk i strid med det regjeringa har lova, seier Habberstad.

I januar i år trådde den nye Helse- og omsorgslova i kraft, og med den har kommunane sitt ansvarsområde nok ein gong blitt utvida. Habberstad fryktar at dette skal ramme rehabiliteringstenesta, og ønskjer seg sanksjonar mot kommunar som ikkje følgjer forskriftene.

– Pengar er i alle fall eit språk kommunane forstår, seier Habberstad.

LES OGSÅ: Bilturen snudde om på livet

– Kan ikkje sitte på ræva
Even ser fram til å ta til med nye studiar til hausten. Han er styremedlem i Norges Handikapsforbunds Ungdom, skal delta på NM i tennis, og held føredrag for fysioterapistudentar og ungdom med funksjonshemmingar.

Han gir mora mykje av æra for at han i dag har ei ansvarsgruppe som fungerer og ein plan som kan gje resultat. Men han tykkjer det er oppsiktsvekkjande at halvparten av kommunane ikkje har oversikt.

– Dei skjøner kanskje ikkje kor mykje ein slik plan kan bety, seier han.

– Det skal ikkje vere slik. Folk kan ikkje sitte på ræva å vente, men når ein kjem til bydelen eller kommunen må ein få den hjelpa ein har krav på, meiner han.

Framtida.no har vore i kontakt med Helse- og omsorgsdepartementet, som beklagar at dei i sommarferien ikkje har høve til å gi svar på korleis dei stiller seg til kritikken eller korleis departementet vil arbeide for å betre situasjonen for barn og unge med nedsett funksjonsevne.