Europa, kva skal det bli av deg?

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fortel ikkje meg om fridomen
eg har ikkje gløymd leirane
Fortel ikkje meg om nasjonen
eg har ikkje gløymd riket
Fortel ikkje meg om folket
eg har ikkje gløymd gravene

Fortel ikkje meg om storheit
eg har sett omnane
Fortel ikkje meg om reinheit
eg som har vokse i oska
Fortel ikkje meg om ære
du spyttar meg i fjeset

Fortel ikkje meg
at eg ikkje skal vere redd
Eg har sett ansiktet ditt i natta
eg har vakna sveitt
frå lyden av murane du bygger
byane som tømmast for folk

Handflatene
Auga
Ansikta

Brysta
Ryggane
Hendene

Snakk ikkje om ideane
som om ikkje dei er av blod
som om ikkje menneska drep for mindre
Det er vondt å tru det kan skje igjen
men vondare å ikkje tru,
å oppleve/opphøre/overleve