≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: oljeboring, Natur og ungdom, Miljø

EU seier nei til oljeboring i Arktis

– Må stoppa norsk oljeboring, seier Natur og Ungdom.

Svein Olav B. Langåker
måndag 20. mars 2017 10.55

EU seier nei til oljeboring i Arktis Ingrid Skjoldvær, leiar i Natur og Ungdom, meiner det er arrogant av Noreg å lysa ut ein ny runde med oljeleiting. Foto: Aker og NU

Torsdag 16. mars stemde EU-parlamentet over eit forbod mot oljeboring i Arktis. Forslaget om å forby oljeboring i isfylte havområde i Arktis gjekk gjennom med stort fleirtal. Parlamentet understrekar uroa for oljeboring i sårbare arktiske område, og rår land òg i EØS til å retta seg etter det nye forbodet.

– EU-parlamentet er alvorleg bekymra for klimaendringane i Arktis. Forureining i arktiske havområde kan ha store konsekvensar for det globale fisket. Oljeboring med fare for søl vil definitivt vera ein fare. Eit forbod mot oljeboring i dei mest sårbare havområda i Arktis var på høg tid, seier Ingrid Skjoldvær, leiar i Natur og Ungdom i ei pressemelding.

No ber Natur og Ungdom norske styresmakter om å høyra på forbodet frå EU-parlamentet, og leggja vekk 24. konsesjonsrunde.


Oppdatert: måndag 20. mars 2017 18.03
Kommentarar



 
ANNONSE: