EU-dom kan gi norsk studiestøtte til utlendingar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utlendingar kan få studiestøtte

Tre nye EU-dommar i Tyskland, Nederland og Danmark opnar for at langt fleire enn norske studentar har krav på utdanningsstøtte frå Noreg.

– Dette viser at EØS-avtalen gjer at vi bør tenkje nøye gjennom korleis vi utformar dei sosiale stønadsordningane våre, seier professor i Europa-rett ved Universitetet i Oslo, Finn Arnesen, til Dagbladet.

Arnesen seier at dommane også opnar for at barna til arbeidsinnvandrarar frå EU kan ha rett på norsk studiestøtte, sjølv om dei aldri har vore i Noreg.

QUIZ: Kva veit du om EU?

Slik kan ein sjå føre seg at barn av polske arbeidarar kan studere i Polen med norsk studiestøtte. Denne retten vil gjelde alle barn under 21 år, eller familiemedlemmer som er eldre om dei vert forsørgde av dei som arbeider i Noreg, som til dømes ektefeller.

Ingen er enno heilt sikre på korleis dei tre dommane skal tolkast, men det er ingen tvil om at det vil få store konsekvensar for den norske studiestøtta, skriv Dagbladet.

Kunnskapsdepartementet er samd i at den danske dommen vil få konsekvensar, men er ikkje sikre på korleis han skal tolkast.

LES OGSÅ: – Ungdom i Europa må reddast

– Denne avgjerda vil få konsekvensar også for vår praktisering av reglane, og vi er i ferd med å vurdere kva endringar som må gjerast og kva konsekvensar dette kan få, skriv Kunnskapsdepartementet til Dagbladet.

Departementet har ingen utrekningar over kor mange som kan ha krav på utdanningsstøtte, eller kva dette vil koste. (©NPK)