Espen er ny leiar for Røde Kors Ungdom

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ny leiar i Røde Kors Ungdom

Saka var først publisert i Møre-Nytt.

Voldingen er sidan søndag leiar i den største ungdomsorganisasjonen i Noreg som driv med humanitært arbeid direkte med målgruppe.

Kampen mot einsemd blant unge, aktivitetar med bebuarar på asylmottak og rollespel om det å vere flyktning er nokre av aktivitetane Røde Kors Ungdom driv på med.

Espen har vore aktiv i Røde Kors Ungdom i Volda sidan han var 14 år, og har vore leiar for lokallaget frå 2008 til 2011, og var dermed ein av dei yngste lokallagsleiarane i Røde Kors Ungdom. Han har sete i landsrådet som organisatorisk nestleiar, og er no glad for tilliten han vart vist på landsmøtet.

– Det er ei stor ære å verte valt til leiar for den viktigaste ungdomsorganisasjonen i Noreg, seier Breivik.

Røde Kors Ungdom har 60 aktive lokallag, og den nye leiaren er oppteken av den lokale humanitære aktiviteten, og har utvikling av lokallag i Røde Kors Ungdom som si store hjartesak.

– Aktiviteten i Røde Kors og Røde Kors Ungdom skjer lokalt, og det vert viktig for meg som leiar å støtte lokallaga, slik eg også fekk støtte då eg var ung frivillig i Volda, seier han.

– Det som verkeleg skil vår organisasjon frå mange andre, er at når vi ser noko som må verte gjort, så set vi i gong og gjer ein innsats for andre. Denne innsatsen skjer først og fremst i lokallaga.

LES OGSÅ: Ungdom er mest einsame

Å vere ung i Noreg

Røde Kors Ungdom består av unge mellom 13 og 30 år og er gjennom sine frivillige ekspertar på ungdomen sitt liv og deira utfordringar.

– Noreg er i år igjen kåra til verdas beste land å bu i. Det er trygt og godt å vere ung i Noreg, men det kan kanskje nettopp difor vere vanskeleg å stå utanfor. Det er viktig å fremje bodskapen om at folk er gode nok som dei er, seier Breivik.

– Ungdomen er framtida, men også notida. At ungdom kan stå opp for andre unge i sitt lokalsamfunn, i Noreg og internasjonalt, har ein enorm verdi, og kan vere med på å inspirere andre unge til å verte frivillige.