Erobrar Polhavet med luftputebåt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Erobrar Arktis med luftputebåt

Ekspedisjonen «Fram 2012» er finansiert av Oljedirektoratet og skal leiast av professor Yngve Kristoffersen. Forskarane skal for første gong ta den tolv meter lange luftputebåten Sabvabaa innanfor iskanten for mellom anna å undersøkje den undersjøiske Lomonosovryggen, som strekk seg over heile Polhavet frå Russland til Grønland og Canada.

– Ein norsk vitskapleg ekspedisjon har aldri vore så langt nord nokon gong før, seier seniorgeolog Harald Brekke i Oljedirektoratet.

– Ikkje ein gong Nansen eller Amundsen kom så langt, seier han.

LES OGSÅ: Tragedie og eventyr

Billig framkomstmiddel

Sabvabaa har vore brukt til å samle geologidata ved iskanten ved Svalbard dei siste fire somrane og erfaringane har vore gode. Luftputeteknologien gjer det mykje lettare og billegare å ta seg fram også innanfor iskanten enn med alternativet, ein isbrytar.

– Ein isbrytar kostar om lag ein halv million kroner i døgnet å leige. Ein luftputebåt kostar langt mindre enn ein tidel av dette, seier Brekke. Isbrytaren bruker dessutan like mykje diesel på eitt døgn som luftputebåten bruker på fem månader.

LES OGSÅ: Dyr truga i Arktis

Norsk økonomisk sone

Kartlegginga i Polhavet skal gi Noreg meir dokumentasjon som kan underbyggje kravet om å utvide den økonomiske sona til 200 nautiske mil nord for Svalbard. Tidlegare har Oljedirektoratet ved fleire høve nytta ein isbrytar til å hente inn geologiske data i området.

FNs kontinentalsokkelkommisjon rådde i 2009 til at Noreg får ei slik 200-milssone nord for Svalbard.

Danske styresmakter skal i sommar kartleggje områda nord for Grønland med den svenske isbrytaren Oden, som òg skal forsyne Sabvabaa med drivstoff, fortel Oljedirektoratet. (©NPK)