Erna Solberg best likt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ei måling som Ipsos MMI har gjort for Dagbladet, kjem Erna Solberg ut som både beste partileiar og beste statsministerkandidat.

Jens Stoltenberg får 27 prosent oppslutning når folk er blitt spurde om kva for ein politikar, uavhengig av parti, som ville eigna seg best i jobben som statsministar. Heile 39 prosent meiner Solberg ville vore den beste regjeringssjefen.

Jonas Gahr Støre (Ap) får 8 prosent av stemmene i målinga, medan skarve 3 prosent rangerer Frp-leiar Siv Jensen høgast.

Heile 81 prosent av dei spurde meiner Erna Solberg gjer ein god jobb for partiet sitt. 14 prosent svarer middels, mens berre 2 prosent meiner ho gjer ein dårleg jobb. Blant Høgres eigne veljarar svarer 94 prosent at dei meiner ho gjer ein god jobb for partiet.

89 prosent av SV-veljarane og 81 prosent av Ap-veljarane meiner det same.

57 prosent meiner Jens Stoltenberg gjer ein god jobb for Arbeidarpartiet, men støtta frå eigne veljarar er 86 prosent.

KrF-leiar Knut Arild Hareide blir støtta av 46 prosent, mens 35 prosent meiner Venstre-leiar Trine Skei Grande gjer ein god jobb for partiet sitt. 19 prosent meiner SV-leiar Audun Lysbakken gjer ein god jobb, mens 17 prosent meiner Sp-leiar Liv Signe Navarsete gjer ein god partileiarjobb. ©NPK

LES OGSÅ: Opnar for å vrake SV og Ap