Er norsk politikk for einsretta?

Anders Linga
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For nokre veker sidan vart neste års statsbudsjett presentert. Noko av det som slo meg mest var kor lite kritiske opposisjonspartia faktisk var. Dette trur eg ikkje nødvendigvis kjem av regjeringas fortreffelege arbeid, men fordi norske parti jamt over er ganske samde om dei store linjene i samfunnet. Er dette bra eller er norsk politikk for einsretta?

Som med alt anna i livet er det ingen tvil om at dette har både positive og negative sider. Eg trur dette først og fremst viser at me i Noreg har det svært bra. Stort sett trengst det ingen radikale samfunnsomveltingar og dette vert også gjenspegla i at politikarane vert samde på tvers av partigrensene. I store og viktige saker har ein i Noreg ein tradisjon for breie stortingsforlik. Målet i desse forlika er at flest mogleg av stortingspartia skal vera med, sjølv om ein ikkje alltid treng alle partia for å skapa fleirtal. Fordelen med denne praksisen er at ein får sikra politiske vedtak i breie lag av befolkninga. Dette kunne aldri skjedd utan ein viss felles plattform og respekt blant partia.

TEMA: Les meir om Statsbudsjettet!

I tillegg til at dei norske partia er relativt like reint politisk, har ein også dei siste åra sett ein tendens til at medietekke og partilojalitet vert viktigare og viktigare når posisjonar vert delt ut internt i partia. Eg er overbevist om at det vil hemma den politiske nytenkinga dersom partia og politikarane vert for like. I eit samfunn der mediemakta vert stadig større, er det heilt logisk at partia ynskjer toppolitikarar som taklar denne utviklinga. Eg meiner likevel det er heilt nødvendig at ein også får fram andre politikartypar når framtidas leiarar skal skapast. Sjølv om ein i Noreg har ein materiell rikdom som få andre kan måla seg med, vil det krevja meir enn berre eit bilseljarglis for å løysa morgondagens samfunnsproblem.