Er intimkirurgi eigentleg så farleg?

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er intimkirurgi eigentleg farleg?

OBS. Eit stykke ned i denne saka kjem det eit bilete som ikkje er trygt for lesesalen eller på arbeidsplassen. Vis aktsemd.

«Da jeg trakk ned trusen, så det ut som jeg hadde baller. Ikke bare var disse plagsomt lange og elastiske, men de var også vanskelig å holde rene. Hår viklet seg rundt og lugget. Stramme klær ga meg en flott, liten og synlig hump der nede.»

Orda kjem frå Michelle (19), som i Si;D i Aftenposten skriv om kvifor ho valde intimkirurgi.

Kosmetisk underlivskirurgi får mykje merksemd i media, både frå kvinner som fortel om eigne erfaringar, og frå kvinner og menn med ulike etiske og estetiske vurderingar.

Trenden aukar, og det vanlegaste inngrepet er å redusere storleiken på dei indre kjønnsleppene (labia minor).

Men veit forskarane eigentleg nok om kva som motiverer unge kvinner til å skjere i kjønnsleppene sine? Og kva er risikoen ved operasjonen, effekten på sjølvbiletet og langtidsverknadane av slike inngrep?

Skjønnheitsideal
Gynekolog Mette Løkeland ved Betanien sjukehus i Bergen, fortel at mange kvinner som er usikre på om dei bør operere underlivet, truleg ikkje har behov for det.

Gynekolog Mette Løkeland, foto: Ingrid Aasen Wærness

 – Først må ein finne ut kva som er problemet. Er det underlivet eller er det synet på underlivet det er noko gale med?, spør ho.

Ifølge ei australsk undersøkinger samfunnsidealet eit hårlaust underliv utan synlege indre kjønnslepper.

I siste utgåve av Gynekologen, medlemsbladet for Norsk Gynekologisk foreining, skriv redaktør Agnethe Lund om underlivskirurgi «at slike inngrep er uetiske fordi dei er med på å skape eit skjønnheitsideal for kjønnslepper – eit ideal ingen er tent med.»

Eit slikt ideal er langt frå den normale variasjonen blant kvinners underliv, dokumentert av den britiske kunstnaren Jamie McCartney i The Great Wall of Vagina, i det danske fotoprosjektet Kussomaten, og av den nederlandske kunstnaren Hilde Atalanta, på Instagram som The Vulva Gallery.

LES OGSÅ: Mange gjer det grunna eit moteideal

Stor variasjon
Overlege ved Kolding sjukehus i Danmark, Annemette Lykkebo (biletet), skriv i ein epost til Framtida.no at det er om lag like vanleg å ha synlege som ikkje synlege kjønnslepper.

Ho har målt kjønnsleppene hos danske 250 kvinner, og funne at 55 prosent har synlege kjønnslepper, medan kjønnsleppene ikkje er synlege hos dei resterande 45 prosenta. Studien er enno ikkje publisert.

I studien fann Lykkebo at to tredjedelar av kvinnene som hadde store kjønnslepper (lengre enn 2,8 cm), syntest at kjønnsleppene sine var normale.

– Om ein oppfattar kjønnsorganet sitt som normalt, har ikkje noko med storleiken å gjere, forklarer ho.

Oppgir fysiske plager
Klinikksjef Christian Tiller (biletet) ved Stavanger Plastikkirurgi fortel derimot at det er fysiske plager som er den viktigaste motivasjonen for kvinnene han opererer.

– Norsk forening for estetisk plastikkirurgi har vedteke at labiaplastikk kan utførast hos kvinner som har ein eller annan grad av funksjonelle plager. I hovudsak er dette fysiske plager av at dei indre kjønnsleppene er store, skriv han i ein epost til Framtida.no.

Til TV2 opplyser han at dei utfører slike operasjonar eit par gongar i veka. Han fortel at kvinnene ønsker operasjon grunna kjønnslepper som stikk ut i større eller mindre grad.

– Det kan gi plager eller ubehag ved fysisk aktivitet som sykling, og også redusert seksuell funksjon i form av plager og psykiske hemmingar, seier han.

Den vestlege verda
I ein dansk studie frå 2015 svarte 54 kvinner på spørsmål om operasjonar utført mellom 2000 og 2012. Heile 92 prosent oppgav at dei oppsøkte behandling av fysiske grunnar. 32 prosent oppgav psykiske årsaker medan 24 prosent oppgav kosmetiske årsaker (kvinnene kunne gi meir enn eitt svar).

Også utanfor norden er intimkirurgi under debatt. Gemma Sharp (biletet) ved Flinders University i Australia har gjennomført telefonintervju med 14 kvinner som har fått utført reduksjon av kjønnsleppene sine.

Undersøkinga avdekka at media sin representasjon av kvinnelege kjønnsorgan, samt negative kommentarar frå sexpartnerar, var viktige faktorar for avgjersla om å få utført intimkirurgi.

– Funna våre frå Australia ser ut til å passe med resultat frå USA og Storbritannia, skriv Sharp i ein epost til Framtida.no

• Konklusjon 1/3: Forskingsresultata fortel at kulturelle forventingar til korleis underlivet bør sjå ut, samt fysiske plager, er viktige motivasjonar til kvinner som får redusert storleiken på kjønnsleppene sine.

LES OGSÅ: – La fitta vere fitte

Biverknader
Men kva er risikoen for biverknader eller eit mislukka resultat?

For å finne ut av dette gjekk ei gruppe kanadiske forskarar gjennom journalane til 113 kvinner som i perioden 2007 til 2014 fekk utført reduksjon av dei indre kjønnsleppene. Resultata frå studien frå 2015 viser at for dei aller fleste kvinnene gjekk operasjonane som planlagt. Berre 15 av kvinnene rapporterte om moderate biverknader (smerter og hevingar), medan ei kvinne måtte opererast for blødingar, og fire kvinner hadde behov for sekundær operasjon.

I den danske studien frå 2015 kom det fram at om lag ei av tre kvinner opplevde komplikasjonar som smerte, bløding eller infeksjonar. Dette er noko høgare enn i tidlegare studiar, der berre eit fåtal rapporterer om moderate til alvorlege biverknader.

• Konklusjon 2/3: Forskingsresultata fortel at også slike operasjonar har potensial for biverknader og komplikasjonar, men at det er relativt sjeldan.

Stort sett nøgde
I ein studie frå 2010 undersøkte forskarane korleis det gjekk med 258 kvinner etter ulike typar intimkirurgi, utført på ulike klinikkar i USA. Over 90 prosent av kvinnene, spurt mellom 6 og 42 månader etter inngrepa, sa at dei var nøgde med resultatet. Kvinnene og seksualpartnarane deira rapporterte også om positiv effekt på sexlivet.

Året etter oppsummerte forskaren Michael Goodman det slik: «Pasientane verkar generelt sett nøgde med resultata», og han noterte også at kvinnene fekk betre sjølvbilete når det gjeldt eigen kropp og sexliv.

– Kvinnene vert ikkje lenger flaue for å vise seg for partneren sin, dei kan oppleve betre seksuell helse, lettare hygiene og at dei eventuelle fysiske plagene dei hadde vert borte, skriv Tiller om sine erfaringar som kirurg.

LES OGSÅ: Klitoris er toppen av eit isfjell

From Kussomaten.dk
Kvinnene som deltok i prosjektet Kussomaten fotograferte underliva sine for å bidra til folkeopplysning. Alle bilete frå
Kussomaten.dk, brukt med løyve.

Ulike forventingar
Gynekolog Løkeland trur at nokre av forskingsresultata vert påverka av at det er kirurgar som undersøker effekten av kirurgien dei sjølv utfører.

– Ein finn det ein vil finne, seier ho.

Gemma Sharp oppsummerer resultata frå forskinga si slik:

– Alt i alt var kvinnene svært nøgde med resultatet av operasjonane. Nokre kvinner hadde urealistiske forventingar til korleis liva deira ville bli endra etter operasjonen, og desse kvinnene var noko mindre nøgde samla sett. Eg ville ha sagt til unge kvinner at dei bør tenke på om forventingane deira er realistiske.

Resultata frå ein norsk studie frå 2011 inneheld liknande funn. Studien vart leia av Tilmann von Soest, og indikerer at legane bør vere merksame på pasientane si psykiske helse. 130 kvinner med snittalder på 37 år svarte på spørsmål om dei psykologiske effektane 5 år etter ein kosmetisk operasjon (ikkje avgrensa til intimkirurgi).

• Konklusjon 3/3: Forskingsresultata fortel at kvinner stort sett er nøgde med resultatet av inngrepa, både når det gjeld sjølvbilete og sexliv. Nokre funn tyder også på at legar og pasientar bør diskutere og avklare forventingar til inngrepa, samt at legar og helsepersonell bør gi kunnskap om normalvariasjon til alle kvinner.

LES OGSÅ: Lege: – Folk flest veit for lite om kvinnekroppen

Motpolar
Sjølv om forskinga dokumenterer nokså trygge medisinske prosedyrar og positiv effekt på sjølvbilete og sexliv, er intimkirurgi fortsatt under debatt. Dette gjeld særleg kulturelle haldningar til kvinners underliv og dei uavklarte effektane etter lang tid.

– Forskingslitteraturen er fortsatt nokså avgrensa. Vi veit endå ikkje om det er nokre negative langtidseffekt av ved intimkirurgi, som til dømes ved fødsel, seier Sharp.

Det er også uklart kva kvinnene synest om inngrepa etter 10, 15 og 20 år, og korleis reduksjon av kjønnsleppene påverkar kvinnene sine opplevingar av overgangsalder og alderdom.

For nokre år sidan opptok temaet det amerikanske forskingsmiljøet innan plastisk kirurgi, med ei gruppe forskarar som var mot, og andre som var for. Debatten er ikkje over.

Løysinga(r)
«Trenden fortel unge kvinner at underliva deira er unormale», seier nokre, og får støtte av norske gynekologar. Den andre sida, med kirurgar og eit fåtal opne kvinner i spissen, svarar at «dei fleste kvinnene opplev positiv effekt på sjølvbilete og sexliv etter operasjonen».

Spørsmålet for den vidare debatten vert dette: Skal samfunnet førebygge behovet for intimkirurgi ved å normalisere eit mangfald av underliv under parolen «Alle fitter er like fine», eller skal vi la vaksne kvinner sjølv få velje det dei synest er rett for sin kropp, og respektere vala dei tek?

Er det mogleg å gjere begge deler samtidig?

Les også om den skamlause julekalenderen som skal knuse mytar og tabu om sex!