Er du klar til å integrere mobilen med kroppen din?

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I framtida blir alle til kyborgar

– Over tid kjem vi til å sjå ein tettare samansmelting av biologisk intelligens og digital intelligens. Det handlar om bandbreidda til hjernen, sa Tesla- og SpaceX-sjef Elon Musk førre veke, ifølgje Science Alert.

Tesla-gründeren meiner at mennesket allereie ein slags kyborgar på grunn av all teknologien vi omgir oss med. I framtida trur han kombinasjonen av menneske og maskin vil verte endå tettare, sa han til deltakarane på World Governmet Summit 2017 i Dubai.

Musk er ein ivrig tilhengar av kunstig intelligens (AI), men har åtvara mot konkurransen maskinene vil gi oss menneske. Tidlegare i år underteikna han eit sett med 23 retningslinjer for AI-forskinga som skal hindra at maskinene tek over verda.

LES OGSÅ: Torjus (24) er ein kyborg

For å motverke effekten av at maskinene tek arbeidsplassane våre, vil Musk at alle skal få ei slags borgarløn. Det er framleis nokre år til robotar kan utføre alle jobbar like bra som menneske, men på nokre, slik som kunst og kultur og sjølvstyrande bilar tek robotane mekaniske stormskritt.

LES OGSÅ: 4 fantastiske forskingsnytt, inkludert Kristen Stewart (ja, ho!)