Er du gamal, unngå musikk på jobben.

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er musikk distraherande?

Science Alert skriv om studien gjort ved Georgie Institute of Technology, som testa kor godt ei gruppe studentar og ei gruppe eldre vaksne takla assosiasjonar og hugsen medan dei høyrde på musikk.

Er musikk eigentleg distraherande? Nokon meiner ikkje det.

Begge gruppene skulle sjå ei rekke ansikt og namn, og fekk spørsmålet om dei tykte namnet passa ansiktet. Nokre minutt seinare skulle dei sjå på ansikta og namna igjen, og dei vart spurd om rett namn passa til rett ansikt denne gongen.

Dette vart gjort i stillheit og til ulike typar musikk – frå til dømes regnlydar til ukjende låtar frå Eric Clapton og Jefferson Airplane utan tekst.

Studentane hadde ingen problem med å hugsa samanhengen mellom namn og ansikt medan musikken sto på, men dei eldre sleit – dei hugsa 10 prosent færre namn med musikk i bakgrunnen.

– Trass i at alle deltakarane meinte musikk var meir distraherande enn stillheit, var det berre dei eldre som vart hindra av musikken, seier teamet bak gruppa.

LES OGSÅ: Musikken du likar drep produktiviteten

Ikkje det du likar
Om du likevel vil høyra musikk medan du jobbar – hald deg unna musikk du likar. Musikkforskar Will Henshall konkluderer med at musikken du likar gjer deg for avslappa.

– Du må ikkje høyra på ein sjanger du likar. Snarare tvert i mot. Om du likar jazz – ikkje høyr på jazz, forklarte Will Henshall i eit av foredraga sine. 

Grunnen er at musikk du likar utløyser dopamin i hjernen – eit stoff som gjer deg ekstra avslappa.

LES OGSÅ: Slik vart me kvitt piraten i Noreg.