Engasjerte Vilde

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Som medlem av ungdomsgruppa til Plan Norge, URO, har Bergstad Larsen dei siste to åra hatt fokus på born sine rettar.

– Eg såg tilfeldig for tre år sidan at dei søkte etter nye medlemmer, og så fekk eg lov til å vera med. Me som er med i gruppa har tittelen «juniorrådgjevarar», og skal gje organisasjonen eit ungdomsperspektiv på saker, seier Bergstad Larsen.

Kvart medlem får sitt fagfelt, og gjev sine synspunkt til dei tilsette i Plan, eller andre som ynskjer innspel.

– Det å vera i gruppa, krev at ein held seg oppdatert på kva som skjer, og eg har jobba mykje med klagerett for born til FN, ved brot på deira menneskerettar. Dette er ei sak som URO har jobba mykje med, og sjølv om det er fleirtal for det i Stortinget, er det framleis ein veg å gå.

– I URO har me ein blogg som me oppdaterer jamleg og me er også aktive på sosiale media. Det tek litt tid, men det har vore utruleg kjekt. Føremålet er å engasjera born og unge i levekåra til born i utviklingsland og fremja FN sin barnekonvensjon.

GJEVANDE. – Å vera med i gruppa har vore veldig gjevande. No når eg er ferdig med gymnaset, må eg gje meg, sidan det er for ungdom i ungdomskulealder og vidaregåande, frå 13-19 år. Det som har vore veldig fint, er at ein ser at ein kan vera med å gjera ein forskjell.

Aksjonen utanfor Stortinget sist veke var i samarbeid med Redd Borna, Plan Norge og Press.

– Me har hatt aksjonar tidlegare, men det var fyrste gongen eg har vore med på ein så stor aksjon. Det var veldig kjekt, og me fekk utruleg mykje positiv støtte etterpå. Engasjementet har kome gradvis, fortel Vilde.

– For min del føler eg at det har kome gjennom samfunnsfag på skulen. Då eg gjekk på ungdomskulen, skreiv eg mykje på debattsidene for ungdom i BT, og sidan har engasjementet berre vorte større.

SØR-AFRIKA.Sjølv om Vilde no må gå ut av URO, er ikkje engasjementet på hell. Til hausten reiser ho til Cape Town for å studera menneskerettar.

– Eg er veldig glad i å reisa, og eg gler meg skikkeleg til å vera i Cape Town i fleire månader. Der skal eg vera fram til jol, og sidan vert det nok internasjonale studiar frå neste haust av, seier Vilde.

– Eg brenn for menneskerettane og har gradvis sett kor godt me har det her i Noreg.

Det gjer godt å vera med på å prøva å gjera verda til ein betre plass for fleire.

Les saka i Avisa Hordaland!