Elevar og lærarar krev reglar for talet på lærarar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Elevorganisasjonen og Utdanningsforbundet håpar på å få Ap-landsmøtet med på ein ny regel for å sikra lærartettleiken på norske skular.

I forslaget til partiprogram føreslår sentralstyret i partiet å «innføra ei norm på kommunenivå for lærartettleik for dei yngste elevane».

– Det er gode intensjonar, men me har sett over mange år at det ikkje held. Med Ap-forslaget kan me risikera at me flyttar lærarstillingar frå dei øvste trinna ned til 1. – 4. trinn, seier leiar i Utdanningsforbundet Steffen Handal til NTB.

Stabil lærartettleik
Sidan 2013 har talet på elevar per lærartime halde seg heilt stabilt, sjølv om det er løyva fleire hundre millionar kroner til å få fleire lærarar i 1.-4.klasse.

– Dette har ført til enorme klassar enkelte stader. Det fører at lærarane ikkje får tid til individuell oppfølging av kvar elev. Når elevane ikkje får tilpassa opplæring, er det eit lovbrot, seier Rahman Chaudhry til Framtida.no. Han er påtroppande leiar i Elevorganisasjonen.

Vil kosta 2 milliardar
Elevorganisasjonen står saman med Foreldreutvalet for grunnopplæringa og Utdanningsforbundet om normkravet.

I mars stilte SV-landsmøtet krav om det same: At kvar skule skal ha maks 15 elevar per lærer i småskolen og 20 elevar per lærer frå 5.–10. trinn. Òg KrF går inn for ei minstenorm.

Dagsavisen skriv at ei nasjonal lærarnorm vil kosta rundt to milliardar kroner.

Faktaboks

Talet på elevar per lærartime:

1.-4.trinn:

2013: 13,6
2016: 13,3

5.-7.trinn:

2013: 13,1
2016: 13,4

8.-10.trinn:

2013: 14,3
2016: 14,4