Eldsjelene

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Bonjour!

Tre blå skjørt sprett bortetter stien langs den duvande elva i Ranomafanadalen. Støvet virvlar opp under dei bare føtene. Småjentene forsvinn forbi sukkerplantar og fruktre. Og forbi svarte sår i jorda, der nokre få ferske skot strekk seg mot himmelen.

Tafi, nikkar Jean Baptiste Leaby alvorleg. Han er landsbyleiar i Tsarafanjona, som ligg i enden av stien.

Leaby snakkar korkje engelsk eller fransk, men det gassiske ordet for svibruk er noko dei fleste reisande får med seg. Ulike kjelder er ueinige i kor mykje av øya som brenn årleg, men dei fleste overslaga strekkjer seg frå ein fjerdedel til ein tredjedel.

Praksisen med å hogge ned skogen, brenne avfallet og så i oska, er djupt forankra i gassisk kultur.

Unikt dyreliv

Den austafrikanske øya er på storleik med si tidlegare franske kolonimakt. Etter titals millionar år i isolasjon husar landet kring fem prosent av plantene og dyra i verda.

Kring åtti prosent av biomangfaldet på Madagaskar finst ingen andre stader. Til dømes bur to tredjedelar av verdas kameleonartar på øya, og apekatten sin mindre kjende slektning, lemuren, lever berre her.

Dei kring to hundre innbyggjarane i Tsarafanjona har ein nasjonalskatt utanfor døra. Ranomafana nasjonalpark er kjend som eit av Madagaskar sine største og mest vellukka bevaringsprosjekt, og i 2007 hamna den på Unesco si verdsarvliste.

Inne i dei 40.000 hektarane med verdifull regnskog finst ei rekkje sjeldne artar ein ikkje finn nokon annan plass.

Ei øy i flammar

– Det er nok ikkje feil å seie at ein tredjedel av Madagaskar brenn årleg, stadfester sivilagronomen Arne Dragsund. Den tidlegare misjonæren har arbeidd med landbruksutdanning og rettleiing til gassiske bønder i mange år. I seinare tid også gjennom Vennskapsforeininga Noreg-Madagaskar sitt utval for miljø og utvikling.

Nær åtti prosentav Madagaskar sine tjueto millionar innbyggjarar er bønder. Ifølgje Dragsund er det vanskeleg å seie kor mange av desse som driv med svibruk.

(artikkelen held fram under bildet)

SÅRBART: Svibruk er eit vanleg jordbruksverkty på Madagaskar.

– Ikkje alle brannane er for å rydde skog. Mange er påsette i skoglause område, for å rydde beite eller skaffe fersk gras til kveg. Somme av desse brannane spreier seg og kjem ut av kontroll. I det austlege Madagaskar, der mesteparten av regnskogen står, er derimot dei fleste brannane knytt til skogrydding, utdjupar han.

Svibruk er ein intensiv jordbruksmetode for å dyrke mellom anna ris. Problemet er at metoden utarmar jorda. Dermed må svibruksbønder stadig hogge og brenne nye område for å få dyrkbar jord å plante i.

Ei sovande lov

Jean Baptise Leaby fortel at bøndene i Tsarafanjona for nokre år sidan inngjekk ein avtale med leiinga i nasjonalpark om å ikkje drive med svibruk. Praksisen er allereie forbode ved lov på Madagaskar, og straffa kan vere alt frå bot til ti år i fengsel, avhengig av kor mykje skade ein har gjort.

I tilfelle der gjerningsmannen er ukjend, noko som slett ikkje er uvanleg, skal bygdesamfunna eller den som etter sedvanerett er leiar for samfunnet, haldast ansvarleg for brenning og hogst i området.

I Tsarafanjona betyr det at Leaby kan bli straffa om bøndene i bygda hogg og brenn skogen. Likevel tek det ikkje lang tid før han anslår at kring ein femtedel av bøndene i bygda driv med svibruk.

– Mange har ikkje anna val. Vi veit at skogen er verdifull, men vi treng ris, forklarer han.

LES OGSÅ: Verda blir stadig litt betre

Kupp og korrupsjon

På Transparency International sin korrupsjonsskala får Madagaskar den begredelege karakteren tre. Skalaen går frå null til ti, der null er mest korrupt. Noreg kan smykke seg med karakteren ni.

Ifølgje Norad er halvparten av alle gassiske born under fem år underernærte, til tross for at Madagaskar var eit av dei afrikanske landa som kunne syne til mest lovande vekst for berre få år sidan.

RANOMAFANA: Ranomafana nasjonalpark står på verdsarvlista til UNESCO og er eit av dei best bevarte regnskogområda i landet. Dei skoglause bakkane som grensar til parken i bakgrunnen, syner spora etter svibruk.

Frå kring tusenårsskiftet til 2008 hadde landet ei gjennomsnittleg årleg økonomisk vekst på fem prosent. I 2010 hadde veksten falle til under to prosent, ifølgje Verdsbanken.

Bak tala ligg hendinga som får skulda for mange av Madagaskars utfordringar: kuppet i 2009, då tidlegare borgarmeister i hovudstaden, Andry Rajoelina, utnemnde seg sjølv til president.

Ifølgje Norad har den politiske krisa ført til auka trykk på naturressursane i landet.

– Rovdrifta som føregår i skogane i aust, også i nasjonalparkane, er eit aukande problem. Rosentre, palisander og andre verdifulle treslag vert hogd i stor grad og eksportert til mellom anna Kina, seier sivilagronom Arne Dragsund.

– Rovdrifta går på rein profitt, medan svibruk trass alt skaffar mat til folket i skogsområda, legg han til.

LES OGSÅ: Saman i kampen mot HIV

Merkar klimaendringar

– Folk forstår veldig godt at skogen er verdifull og kan bringe inntekter. Men inntektene går ikkje til folket, seier Florent Ravoavy.

Ravoavy er leiar for utdanningsseksjonen ved forskningssenteret Centre Valbio i Ranomafana. I tjue år har han arbeidd med å opplyse om miljøvern blant lokalbefolkninga, blant anna i Tsarafanjona. Han meiner unge gassarar er meir medvitne enn sine foreldre.

– Dei ser at dei ikkje kan stole på årstidene på same måte som før. Det er vanskelegare for bøndene å planlegge innhaustingane. Regnfallet er tyngre i regntida, syklonane er kraftigare og hyppigare, og tørre periodar er tørrare enn før. Å drive jordbruk er blitt meir risikabelt, fortel Ravoavy.

Madagaskar er eit av dei mest syklonutsette landa i verda. Erosjon er òg eit stort problem, som vert forsterka av svibruk.

– Når folk svelt er det vanskeleg å be dei slutte med svibruk, men noko skjer. Folk merkar klimaendringane på kroppen og ser samanhengen mellom svibruk og erosjon.

– Men mange er òg late, legg han overraskande til.

– Vi gassarar lærer fort, men vi er for flinke til å kopiere naboen. Kvifor kan ikkje nokon dyrke banan, mango eller kassava, medan andre dyrkar ris? spør Ravoavy.

– Ingenting kjem til å skje før myndigheitene verkeleg bestemmer seg for å stogge svibruken, meiner han.

QUIZ: Kva veit du om Afrika?

Forsiktige steg

– Vi dyrkar blant anna banan og sukkerplanter, fortel Leaby.

Innbyggjarane i Tsarafanjona har samarbeidd med Centre Valbio i fleire år. På grøne tre ved inngangen til landsbyen heng nokre av fruktene frå samarbeidet.

Leaby tuslar roleg bortetter stien som går gjennom landsbyen. Ein hale av nysgjerrige born følgjer etter, nokre med skjorte på, nokre utan. Følgjet går til rismarkene ved elvebreidda.

– Dei fleste familiane har ein åkerlapp kvar, men fleire må også dyrke ris ved bruk av tavy for å få nok, fortel Leaby.

Han ser utover rekkjene med risplanter, som står halvveges dekte i vatn. Dei skjer i auga med sin friske grønfarge. Sjølv om innbyggjarane i Tsarafanjona freistar å endre praksisen forfedrane tok med seg då dei vandra ned frå høglandet, går omlegginga sakte. Leaby fryktar at endringane ikkje er varige.

– Folk er svært fattige, og dei siste åra har det blitt verre. Utan opplæring og økonomisk støtte til verkty og såkorn tør dei ikkje gå vekk frå den kjende teknikken. Risikoen for å ende opp utan ris i skåla er for stor, seier han.

Landsbyleiaren meiner den politiske krisa i landet kan føre til at fleire vender tilbake til svibruk.

– Fram til 2008 fekk vi støtte frå staten til å drive alternativt. No får vi ikkje noko lenger. Vi har òg rett på ein del av inntektene turistane legg att i nasjonalparken skapar, men heller ikkje desse ser vi noko særleg til, hevdar Leaby.

(artikkelen held fram under bildet)

KAMELEON: Madagaskar husar to tredjedelar av verdas kameleonartar.

Manglande gjennomføringsevne

Andoniaina Narisoa er ansvarleg for vass-, skog- og brannforvalting i Miljø- og skogforvaltingsdepartementetet i Antananarivo. Ho vil ikkje gå med på at myndigheitene ikkje gjer ein innsats for å stogge svibrukpraksisen.

– Prosjekt tar tid før dei får resultat. Likevel, kampen mot avskoging krev at at alle sektorar er med på laget, ikkje berre vårt departement. No arbeider vi med å lage eit fellesorgan som skal arbeide mot brenning av skogbrannar. Dette skal samordne innsatsen i alle departementa, skriv Narisoa i ein epost.

Myter og demonisering

Medan myndigheitene arbeider med å lage eit fellesorgan, står miljøentusiastar og forskarar for størsteparten av kampen mot svibruken. Men ikkje alle er semde i at svibruksbøndene fortener å vere syndebukkar.

Geografen Christian A. Kull er kritisk til røystene som kallar svibruk ein av dei fremste trugslane mot miljøet på Madagaskar.

– Tany mena tsy mba mirehitra. The red earth isn´t on fire, it just looks like it. Slik opnar han forskingsrapporten ”Deforestation, Erosion, and Fire: Degradation Myths in the Environmental History of Madagascar” (2000).

Der hevdar han at omfanget av avskoging og jorderosjon som følgje av svibruk, vert overdrive av miljøvernorganisasjonar og myndigheiter.

– Brenninga av skog, det viktigaste verktøyet for landskapsendring og beiteforvalting på Madagaskar, vert unødig demonisert, meiner Kull.

70 prosent av den opprinnelege regnskogen på Madagaskar vart hogd av dei franske kolonimaktene, i ein periode på tredve år.

– Å legge skulda for miljødegraderinga på gassarane og problema knytta til fattigdom og befolkningsauke, er å ignorere historiske og politiske kontekstar og gassarane si evne til å forvalte eigne ressursar, meiner kritikaren.

Ifølgje Kull er resultatet av denne demoniseringa ein fastslåst situasjon der myndigheiter, miljøvernarar og bønder ikkje klarer å løyse miljøutfordringane.

(artikkelen held fram under bildet)

MØNSTERGARDEN: Zulu Andrianasolomanana vekslar mellom å dyrke ris og andre vekstar i same åker. I tillegg dekkjer ho jorda med eit plantedekkje, anten levande planter eller kompost. Målet er å halde på næringa.

Idealistane

– Brenn du skogen, brenn du landet vårt.

Zulu Andrianasolomanana (58) kiker opp over brillekanten.

– Det er eit gassisk ordtak. Svibruk øydelegg regnskogen på Madagaskar, meiner «madam» Zulu. Ho skodar oppover bakkane som er gårdsbruket hennar.

Skyene heng tungt over den grøne dalen i det skogrike Andasibe-området i nordaustlege Madagaskar. Mars nærmar seg april og regntida går mot slutten.

I ekteparet Andrianasolomanana sine åkrar dryp det av kaffiplanter og av blada på ananas- og ferskentre, bønnestenglar og kassavarøter. Jorda under risplantene er mørk og fuktig.

Då Zulu og ektemannen René Andrianasolomanana (78) flytta frå hovudstaden til Andasibe, kom dei i kontakt med miljøvernorganisasjonen ANAE. Sidan har dei freista å drive jordbruk etter dei alternative metodane organisasjonen arbeider for å spreie.

Dei dyrkar i rismarker framfor å hogge og brenne skog. For å halde på næringa i jorda, dekkjer dei åkrane med planter som tilfører nitrogen og held på fuktigheita. Dei vekslar mellom å dyrke ris og andre typar avlingar.

– Mange stader på Madagaskar er jorda lite næringsrik, men med desse metodane kan ein drive jordbruk utan å øydelegge naturen ved stadig å flytte til nye område. Avkastinga vert etter nokre år større enn ein får ved svibruk, fordi jorda vert meir fruktbar, fortel madam Zulu.

Med ein samanslått paraply som stokk, tek ho trinn for trinn i jordtrappa opp mot murhuset på bakketoppen. Dei rosa sandalane klaskar i gjørma, men den vesle dama i ulljakke og filthatt klatrar roleg vidare.

Frå bakketoppen, der ektemannen René ventar, er utsikta over resten av den disige dalen god. På motsett side av dalføret står bakkane nakne.

Les saka i Magasinett!

 

Lyst til å lesa fleire nyhende og reportasjar frå Afrika? Gå til temasidene våre!