Elbilparken dobla på eitt år

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ved utgangen av 2012 var talet på registrerte el-personbilar berre 8.031. Elvarebilar er det langt færre av, men talet meir enn tredobla seg frå 159 i 2012 til 511 i 2013, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Og veksten i registrerte elbilar ser ut til å fortsette inn i 2014. Ved utgangen av mars var det registrert 5.297 nye elpersonbilar, ifølgje Opplysningsrådet for Veitrafikken.

Det samla talet på elbilar i Noreg har dermed allereie passert 23.000. Elbilane er konsentrerte i Oslo og Akershus, der 44 prosent av dei elektriske personbilane er registrerte. Ein tredel av bilane er registrerte i dei tre største byane Oslo, Bergen og Trondheim.

Trass auken, utgjer elbilane framleis berre 0,7 prosent av personbilparken.

Til saman 2,92 millionar personbilar og lette varebilar var registrerte i Noreg ved utgangen av 2013, viser SSBs statistikk. Det er ein auke på 2,2 prosent samanlikna med året før og svarer til 572 person- og varebilar per 1.000 innbyggjarar.

Av dei 2,5 personbilane som var registrert ved årsskiftet, var 44 prosent dieseldrivne. (©NPK)

Gå til bil-sidene våre!