Ekstrem medlemsvekst for Liberalistisk Ungdom

Ingunn Gjærde
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ekstrem vekst for unge liberalistar

– Me har hatt ei ekstrem medlemsvekst i år. Det eg ikkje var klar over er at dei andre ungdomspartia sine medlemstal er så låge, seier Fredrik Laving, leiar av Liberalistisk Ungdom (LibUng).

Ifølgje Laving har LibUng gått frå 300 medlemar i 2015 til 1420 medlemar i utgangen av 2016. Talet gjeld betalande medlem, uavhengig av alder. Ungdomspartia har ulike aldersgrenser. LibUng har ei øvre aldersgrense på 35 år, opplyser Laving.   

Framtida.no melde fredag at Raud ungdom hadde størst medlemsvekst blant ungdomspartia, med 150 medlemar. Seinare på dagen kunne me oppdatera saka med tal frå Liberalistisk Ungdom, om at dei hadde auka medlemstala med 1120 medlemar.

Med slike tal seglar ungdomspartiet til liberalistane opp som det femte største ungdomspartiet i landet. Tidlegare har ikkje LibUng vore ein del av Framtida.no sin statistikk, då det har vore eit relativt lite parti.

Ung organisasjon
Liberalistane er eit ferskt parti, men ønskjer å stilla lister til Stortingsvalet i år. LibUng vart starta i 2004 første gong, då med Det Liberale Folkepartiet som moderparti. Ved stortingsvalet i 2013 fekk partiet fattige 909 stemmer.

Etter at Liberalistene starta opp i 2014, vedtok LibUng å skifta moderparti.

– Akkurat nå lid me litt av veksesmerter, forklarer Laving, som meiner at organisasjonen har vekse raskare enn han var klar for.  

– Grunnen til at me får fleire medlemar, trur eg er at me står for ein alternativ politikk, fortset han.

Ideologi til felles med FpU
Sjølv med ei blå-blå regjering seier Laving at han er skuffa over at statsbudsjettet blir høgare, og at staten får meir makt. Han etterspør den individuelle fridommen.  

Ein liberalistisk ideologi er noko LibUng har til felles med FpU. Eit samarbeid med FpU er likevel ikkje noko leiaren i Liberalistisk Ungdom ser føre seg, men Laving fortel ar det er ein del medlemar som har komme direkte over frå FpU.

Framtida.no sine innsamla tal viser at FpU også hadde ei svak medlemsauke i 2016, med 53 fleire medlemmar enn året før.

LES OGSÅ: Rekordmåling for Senterpartiet

Vil fjerna velferdsstaten
LibUng er sterk motstandar av velferdsstaten og argumenterer med slagordet «skatt er tjuveri». 

– På sikt vil me byggja ned velferdsstaten heilt. Men ein må ikkje vera einige i sluttmålet for å bli medlem. Det er som eit tog, som er på veg mot eit mål, men du kan velja å hoppa av når samfunnet har komme der du ønskjer, forklarer ungdomspartileiaren.

LibUng veks mest i Oslo, men er oppe i 13 fylkeslag nå. 10 nye fylkeslag vart registrerte i januar.

I fjor deltok Laving i innsamlingsaksjonen for å samla 5000 underskrifter for moderpartiet. Underskriftene er eit krav for å få lov til å stilla liste ved Storingsvalet i år. Laving og andre liberalistar besøkte over 100 vidaregåande skular, der dei marknadførte både Liberalistane og ungdomspartiet. 

– Viss 2017 blir som i fjor, kan me bli det tredje største ungdomspartiet i Norge, drøymer Laving.

LES OGSÅ: Utfordringa med å vera førstegongsveljar.

Faktaboks

Medlemstal 2016 (endring frå 2015 i parentes):

AUF: 13682 (-454)
FpU: 2081 (+53)
GU: 474 (-184)
KrFU: 1362 (+64)
RU: 802 (+152)
SpU: 2058 (+14)
SU: 834 (-145)
UH: ca. 4000 (-262)
UV: 1415 (-166)
LibUng: 1420 (+1120)

Medlemstala har Framtida.no samla inn, og det er ungdomspartia sjølv som oppgir desse tala.