Eit reelt problem treng reelle løysingar

Tore Storehaug
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei siste åra har mobbetala i Noreg vore stabilt høge. Ifølgje Senter for Adferdselsforskning ved Universitetet i Stavanger er så mange som 60.000 elevar innblanda i mobbing regelmessig. Dette er eit for høgt tal, og vi kan gjere meir for å få det ned.

Ein felles innsats

Noko av det som har gitt gode resultat i kampen mot mobbing tidelegare er politikarar som er pådrivarar i anti-mobbearbeidet. Som alt anna er det som eigentleg betyr noko korleis vi som medmenneske stiller opp for kvarandre. Dette gjeld på alle nivå; både i skulegangen, rundt kjøkkenbordet og på stortinget. Då Kjell Magne Bondevik var statsminister sette han mobbing på agendaen. Han tok opp temaet i nyttårstalar, og lanserte ein nullvisjon gjennom «manifest mot mobbing». Resultatet var slåande, mobbinga vart redusert med 30% til 2004.

Dessverre blei ikkje mobbepunktet på statsministeren sin agenda ståande gjennom regjeringsskrifta. «Det kraftige fokuset mot mobbing som man hadde under Bondevik-regjeringen forsvant på veien» sa professor Erling Roland ved Senter for adferdsforsking (Universitetet i Stavanger).  Han viser til at mobbetala auka under dei raudgrøne sine første styreår. Mobbinga var stabil og høg, likevel blei kravet om eigne mobbeprogram på skular med mobbeproblem fjerna.

Vi treng reelle forslag

Mobbing er eit reelt problem, og då treng vi også reelle forslag til kva vi kan gjere med problemet. For dei elevane som blir mobba, betyr det lite at mattetimen har høg kvalitet – det dei bryr seg om er korleis dei skal komme seg gjennom neste friminutt. KrF har forslått å gje desse ein lagspelar; vi vil innføre eit eige mobbeombod.

Ordninga med mobbeombod er allereie godt etablert i Sverige. Mobbeombodet er ein person med fagleg kompetanse på mobbing. Dette ombodet er både ein lagspelar for elevar som ikkje når gjennom til andre med problemet sitt, og ein fagperson som hjelper skulane å halde trykket i mobbearbeidet oppe. Ved nyttår 2013 tilsette Buskerud fylkeskommune landets første mobbeombod.

Når 10 prosent av born og unge blir utsett for mobbing i skulen to-tre gangar i månaden eller oftare har vi eit felles ansvar for å gjere vårt for å få slutt på problemet. Både foreldre, lærarar, medelevar, rektorar og politikarar må med – i tillegg til eit eige mobbeombod i kvart fylke. Eit barn som mobbast er eit barn for mykje.

 

Les fleire saker om mobbing her!