Eit løp for Kenya

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Spring for Kenya

I kveld kan du, om du er i Oslo-området, reisa på ein konsert på Mono i Oslo, betala 50 kroner eller meir i døra, og med det hjelpa Rasmus Opsahl med å springa maraton i Kenya. Kvifor skal du gjera det?

Fordi pengane, 100.000 til saman, er ein inngangsbillett til eit maraton i Kenya som skal få barn ut av fattigdom.

LES OGSÅ: – Noreg burde ha ein utviklingsminister

I april starta Rasmus Opsahl, som skildrar seg sjølv som ein heilt vanleg fyr i musikk- og utelivsmiljøet i Oslo, eit prosjekt. Gjennom ein kjenning fekk han idéen om å springa eit maraton i Kenya, arrangert av den kristne organisasjonen Compassionsom skal få barn ut av fattigdom.

Inngangsbilletten til løpet er 100.000 kroner som går uavkorta til arbeidet organisasjonen gjer – det prosjektet har blitt viktig for Opsahl.

– For meg som er midt oppi dette kjennest det litt som ein ferietur som minner om ein jobb. Men sidan eg ikkje har nokon oppdragsgivar som betalar meg er det meir ein besettande tanke, fortel Opsahl, som til no har samla inn rundt 75.000 kroner.

Hell i uhell
Opsahl er nesten i mål med summen han skal samla inn – såpass nær at han føler han sjølv kan spytta inn resten av summen om han ikkje når målet gjennom andre.

– Det har allereie komme inn såpass mykje at eg føler eg er i mål. Hadde det til dømes stoppa på 40.000 kroner hadde det vore eit meir reelt problem – då måtte eg ha lånt pengar, fortel Opsahl.

Men han har fått god hjelp på vegen. Halvparten av summen han trengte fekk han gjennom ein person. Ein annan deltakar som var påmeld til løpet måtte avlysa grunna sjukdom, og verva sin sum – fadrar verd 50.000 kroner – til Rasmus sin aksjon. Givaren har valt sjølv å vera anonym.

– Han har ikkje bedd om noko ære eller takk. Eg håpar eg får møtt han eller skrive til han og sagt takk, for det tykte eg var flott gjort.

I tillegg til ein gåvmild hjelpar, får han også god draghjelp frå musikkmiljøet i Oslo. På Mono blir det arrangert ein konsert for Rasmus Opsahl sin aksjon torsdag kveld, med artistar som Torgeir Waldemar, Marte Wulff og Anton Ruud på scena.

– Det har blitt gjort før, i mykje større skala. Nokre gonger blir det utskjelt òg, men me har ikkje laga nokon Afrika-song denne gongen, seier Opsahl og flirer.

RasmusOpsahl3

– For meg står det meir respekt av å hjelpa ein unge i Eritrea til å bli legen som passar på landsbyen sin, enn om du viser meg ein gigantisk Cabin Cruiser. Eg blir ikkje imponert av det, seier Rasmus Opsahl.

– Eg tenkte at det garantert er musikarar eg kjenner som vil gjera dette gratis om eg finn ein plass å gjera det gratis. Då fann eg Mono. Desse musikarane gjer det interessant for folk å betala litt ved at det stiller opp og speler eit par låter.

Framtida.no møter Rasmus Opsahl onsdag, dagen før konserten. På det tidspunktet er det 85 påmelde på konserten på Facebook, og Mono har ein kapasitet på 185 stykk.

– Det blir spanande å sjå korleis det går, kommenterer Opsahl.

LES OGSÅ: Spring ut fem par joggesko i året

– Det absurde er mest interessant for meg
– Eg blir veldig obs på skilnader. Bistandsorganisasjonar har alltid vore der, og eg kjem ikkje til å via livet mitt til dette, men det har vore gøy. Det er rart, for eg blir sliten på ein rar måte. Eg ser kor mykje me har. Sjølv om eg føler meg blakk av og til er me i ein heilt annan klasse, fortel Opsahl.

Eigne opplevingar og eige liv fekk Opsahl til å tenkja meir over pengebruk.

– Eg har sjølv budd i telt i ein periode, og vore "fattig" i norsk målestokk. Det var fordi eg drakk for mykje og mista oversikten. Det virka smart å spara pengar ved å bu i eit telt kjøpt på Clas Ohlson.

Det var ein periode med alkoholproblem, fortel Opsahl – der han etter kvart vart spesielt klar over kor mykje pengar det gjekk på alkohol.

– Du kan kalla det fråtsing. Det ironiske er at eg byrja å springa fordi eg drakk for mykje. Eg byrja i 2007 fordi eg skjønte at eg måtte slutta å drikka. Å springa vart ein veg ut av det. Fram til no har eg berre gjort det for min eigen del, det er første gong eg spring for andre, fortel Opsahl.

Sjølv om alkoholen på eit punkt gjorde at han valde å sova i telt, ser han på situasjonen i enkelte deler av verda – til dømes i og rundt Kenya – som noko heilt annleis.

– Det er noko heilt anna når ein ikkje har noko val. Eg kom meg lett tilbake. Å reisa på camping her er annleis enn der nede, der dei byggjer hus av bølgjeblekk fordi det ikkje finst andre val.

LES OGSÅ: Folket som ventar

Alt heng saman
Opsahl fortel at han av og til har angra på at han starta prosjektet, til dømes då han sleit seg gjennom eit tungt testløp førre helg, åleine i kaldt regn. Tanken på sjølve reisa til Kenya er også skremmande – mest fordi det er så framand og langt unna. Likevel er han overtydd om at det er viktig å bidra.

– Det finst menneskjer som faktisk reiser dit, underviser og brukar mykje tid av livet på å hjelpa den delen av verda opp på eit nivå der dei klarar seg sjølv. Me kjem også til å trenga det – me blir meir og meir avhengige av kvarandre. På 50-talet kunne me sei at det ikkje ville ha noko å sei for oss at dei svelt i hel i Somalia, men slik er det ikkje lenger, seier han.

– Det finst folk i vesten som tener usannsynleg bra. For meg står det meir respekt av å hjelpa ein unge i Eritrea til å bli legen som passar på landsbyen sin, enn om du viser meg ein gigantisk Cabin Cruiser. Eg blir ikkje imponert av det, legg han til.

LES OGSÅ: Siger for transpersonar i Kenya