Eit hundeliv for Narum

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Låtskrivinga som gjekk så trått på flygelet, vart ein leik på tur i skogen heime på Eina i selskap med den firbeinte.

– På ein bra tur med hunden blir det to vers og eit refreng. Og det er jo nesten ein låt. Ein tenkjer mykje, og så må ein ut jamleg. Det er lettare å få eit strukturert arbeidsliv som musikar når ein har hund, seier eldstebroren og låtskrivaren om korleis søskentrioen Narum har nådd å lage fire kritikarroste album på fem år.

Den ferskaste er «Heme», skriven og spelt inn i heimtraktene deira, der det no spring tre bikkjer rundt.

Og no som vokalistsøstera Benedikte òg har fått seg hund, har dei tre tilsynelatande så ulike søskena fått eit evig samtaleemne utanom musikken:

– På veg hit i bilen snakka vi om «når slutta bikkja di å drite inne?», røper ho.

LES OGSÅ: Ut i verda – heim til Vinje

Syng om «ræven»
Det er takka vere dei ustanselege skogsturane til storebroren at ho blant anna kan syngje tekstlinjer som på den aller siste låten dei spelte inn, «Skogen heme».

– «Ræven græv seg flære høl,» det er ei veldig bra linje, ler Benedikte mens Lars Christian smiler og seier at det gjeld å vere direkte og forteljande.

Yngstemann Jon Anders var derimot den som nærast tvinga søstera til å innsjå at ho ikkje alltid trong å syngje så pent, men at ho kunne ta i òg.

– Når ho syntest det lét for ille, så gjekk vi og høyrde på ei plate, seier Jon Anders, som er gitaristen i bandet og produsent.

– Musa mi denne gongen har vore Linda Ronstadt, ler Benedikte og hevdar det «er litt av ein prøvelse» å vere vokalist. For best som ho står der «og vrengjer og syng», så tar brørne det opp og brukar lyden heile vegen ut på plata.

For denne gongen køyrer Narum på litt meir enn før. Som Lars Christian har uttrykt det i eit Klassekampen-intervju: – Meir strømførande gitarar, mens trommeslagaren får bruke stikkene på kvar låt».

LES OGSÅ: Nyforelska i folkemusikken

Saka fortset under biletet.


Narum er klar med fjerdeplata, passande nok kalla «Heme». Og heimstadssongarane – og søskena – er (f.v.) Lars Christian, Jon Anders og Benedikte. Foto: Gitte Johannessen / NTB / NPK

Lettare og omgjengeleg
– Eg synest vi klarer å utvikle oss frå plate til plate. Vi hadde lyst til å lage ei lettare, meir omgjengeleg plate enn dei førre. Men det er jo velkjent at det er vanskelegare enn å lage noko mørkare, seier Lars Christian.

Benedikte, melankolikaren som held litt igjen, minner han på at det er ei viss blanding.

– I den første låten på plata druknar dei jo, minner ho om.

For «Brudholmen» tar fatt i lokalhistoria om brudeparet som gjekk gjennom isen med hest og slede på veg heim frå kyrkja og sitt eige bryllaup.

Uansett snakkar vi heimstaddikting. Ikkje berre i tekstane, men i praksis. Alt er spelte inn heime hos Jon Anders i studioet hans. Til jul fekk han nytt miksebord i gåve av seg sjølv – og det måtte Benedikte hjelpe til med å bere inn.

– Det var da vi spelte inn «Skauen heme», at vi innsåg kor tydeleg tema og geografi var plassert. Og da vart tittelen rett og slett «Heme», seier Lars Christian.

LES OGSÅ: Spelemannen frå Jølster

Ikkje som Knopfler
Søskena hans er stadig litt meir med på låtskrivarsida. «Ranglefant» har dei alle vore med på, og Jon Anders har skrive musikken til «Vinterstid».

– Det er eigentleg ei lette å sleppe dei andre til, seier Lars Christian:

– Det er gøy å få til noko saman. Det er med på å gjere plata variert.

Om dei alltid er like gode venner? Benedikte smiler og seier dei er flinke til å ta pausar frå kvarandre.

– Og så kan vi vere med på familiemiddagar utan å prate band, seier ho mens Lars Christian meir musikk-leksikalsk legg til:

– Vi skal ikkje bli som Knopfler-familien.

No har dei iallfall hundelivet sitt å snakke om. Jon Anders har «studiohunden» sin, shetland sheepdog-en Shanti. Lars Christian valde ein golden retriever, mens Benedikte enda med ein alaska husky. Den faste trommeslagaren til Narum, Håvar Gjestvang, har òg hund. Det har derimot ikkje bassisten, Lewi Bergrud.

– Stakkars Lewi, han er livredd bikkjer, røper Jon Anders.

No ventar 17 spelejobbar frå 5. mars til uti april på Narum. (©NPK)